Omstilling i Vestnes kommune

Vestnes kommune står overfor fleire utfordringar som gjer det nødvendig med målretta omstilling for å sikre ei berekraftig framtid. Omstillingane vi står overfor, vil merkast av både innbyggjarar og tilsette.

Omstilling og utvikling heng tett saman. Vi må fornye og effektivisere tenestene våre, samtidig som vi reduserer driftskostnadene. Ved å kombinere omstilling med utvikling, legg vi eit solid grunnlag for tenester som er gode i dag, men òg rusta for framtida.

Vestnes kommune har, som mange andre kommunar i Noreg, utfordringar med å få balanse i budsjettet. Ulike forhold bidreg til at den økonomiske situasjonen er krevjande.

Aukande kostnader innan helse og omsorg, vedlikehald av infrastruktur og høge driftsutgifter over tid legg press på kommuneøkonomien. Vi har òg ei høg lånegjeld som avgrensar det økonomiske handlingsrommet. Lønnskostnader er den største utgiftsposten til kommunen, og for å møte framtidige behov må vi vurdere korleis kommunen er organisert.

Sjølv om omstilling kan opplevast som krevjande og skape uro, gir den også nye moglegheiter. Teknologi og digital transformasjon gir oss nye verktøy til å tenkje nytt om korleis vi leverer tenester og organiserer arbeidet vårt. Samtidig kan vi gjennom samskaping med innbyggjarar, frivillige, næringsliv og andre samfunnsaktørar utvikle meir treffsikre løysingar. Gjennom å bruke ressursane klokare og omstille oss kan vi forme ei framtid der kommunen er tettare på menneska den er til for. 

Slik arbeider vi med omstilling 

For å møte desse utfordringane har kommunen starta ein brei prosess for å finne tiltak både på kort og lang sikt. Administrasjonen, tillitsvalde, verneombod og politikarar samarbeider om omstillingsarbeidet. Kommunedirektøren har ansvaret for prosessen og held politikarane orientert.  

Vestnes kommune har ein eigen rutine for omstilling, utvikla i samarbeid med dei tillitsvalde og godkjend i arbeidsmiljøutvalet. I omstillingsarbeidet ser HMS-utvala på ulike tiltak som kan vere nyttige både for den enkelte eining og for kommunen som heilskap. Aktuelle tiltak som blir sett på er:

Effektivisering av tenester

  • Ny teknologi og digitale verktøy kan hjelpe kommunen med å levere tenester på ein enklare og meir kostnadseffektiv måte.

Samarbeid med andre

  • Samarbeid med nabokommunar og eksterne aktørar kan gi betre ressursbruk og opne for nye løysingar.

Gjennomgang av arbeidsoppgåver

  • Vi ser på kva oppgåver som blir gjort, og om ressursane blir brukt på ein god og riktig måte.

Økonomistyring

  • God styring og prioritering av investeringar som gir varig nytte og er viktig for å sikre økonomisk balanse.

Endringar i organisering

  • For å redusere kostnader utan å svekke kvaliteten, vurderer vi omorganisering og meir fleksible måtar å jobbe på.

Kartlegging av bemanning og kompetanse

  • Vi ser på om vi har rett kompetanse på rett plass, og om det er behov for opplæring eller endringar for å møte framtidige behov.

Tilpassing av tenestenivå

  • Vi vurderer om nokre tenester kan justerast, slik at ressursbruken står i forhold til behovet, utan at det går ut over kvaliteten.

Slik skal vi utvikle oss

Omstilling og utvikling har lenge vore ein naturleg del av drifta i Vestnes kommune. Men det er no er det behov for større grep, og endringane skjer raskare enn før. Dette krev at vi tenkjer nytt, prioriterer annleis og gjennomfører meir omfattande tiltak for å sikre gode tenester og ei berekraftig utvikling.  

Vi jobbar målretta med å utvikle både tenestene våre og lokalsamfunnet vi er ein del av. Det betyr at vi skal støtte opp under lokal utvikling, og bidra til at Vestnes er ein attraktiv kommune å bu og arbeide i. Vi skal lytte til innbyggjarane, samarbeide med næringsliv og frivillige, og bruke ressursane våre klokt for å skape gode og framtidsretta tenester.

Vestnes kommune har eit solid planverk som peikar ut retninga for utviklinga dei komande åra. Kommuneplanens samfunnsdel er det overordna styringsdokumentet for kommunen, og gir klare mål for korleis vi ønskjer å utvikle både tenestene og lokalsamfunnet. Planen er godt forankra gjennom innspel frå innbyggarar, politikarar, næringsliv og tilsette i kommunen.

Planverket skal hjelpe oss å utvikle kommunen på ein god måte og støtter opp under utvikling innan bustader, næringsliv, klima og miljø. Planen viser kva vi vil oppnå, og korleis vi kan bruke ressursane våre for å få det til. Målet er å skape gode kvardagar for innbyggarane og gjere Vestnes til ein attraktiv kommune. Gjennom dette arbeidet skal Vestnes stå sterkare rusta til å møte utfordringar og gripe nye moglegheiter.