Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Søke, endre eller seie opp barnehageplass

Søke, endre eller seie opp barnehageplass

Vestnes kommune har samordna opptak. Det vil sei at ein søker via Visma Flyt Barnehage sin føresetteportal uavhenging av kva barnehage ein søker. Barnehagerådgjevar koordinerar opptaket og gjer i samråd med styrarane vedtak om opptak.

Slik søker du barnehageplass

Du søker via Visma Flyt Barnehage til alle barnehagane i kommunen. Vi nyttar berre elektronisk søknad.

Informasjon om korleis du søker barnehageplass finn du her. (PDF, 187 kB)

Hovudopptak

Søknadsfrist for hovedopptaket er 1. mars kvart år.

Desse må søke til hovudopptaket:

  • barn som ikkje har barnehageplass
  • barn som står på venteliste og vil endre på søknaden
  • barn som har plass, men vil endre på plassen
  • barn som har plass, men som vil bytte barnehage

Dei som har fått barnehageplass har den til dei byrjar på skulen og treng ikkje søke på nytt.

Opptak gjennom året

Ein kan søke barnehageplass utanom hovudopptaket. Dette gjeld også dersom ein ønskjer å bytte barnehage midt i året. Elektronisk søknad må sendast inn og plassar vil då bli tildelt etter kvart som dei blir ledige. 

Endring av opphaldstid

Ønskjer du endring av opphaldstid søker ein via Visma Flyt Barnehage.

Oppseiing

Ønkjer du å seie opp barnehageplassen gjer ein det via Visma Flyt Barnehage.

Tilbod/opphaldstid ein kan velje mellom

Tilbod / opphaldstid ein kan velje mellom:
Type plass Antal dagar/timar
Heil plass Kvar dag (maks 45 timar pr veke)
Halv plass 2 dagar ei veke + 3 dagar ei veke (22,5 timar i snitt pr veke) Her finns det ulike variantar, avtal dette med den enkelte barnehage.
2 dagars Her finns det ulike variantar, avtal dette med den enkelte barnehage.
3 dagars 3 dagar pr veke (maks 27 timar pr veke)
4 dagars 4 dagar pr veke (maks 36 timar pr veke)

Vike Montessoribarnehage tilbyr:

  • Heil plass
  • 4-dagars plass
  • 3-dagars plass

Opningstider for alle barnehagane er 06.45 - 16.30, med unntak av Vike Montessoribarnehage som har opningstid 07:00-16:30.

Maksimal opphaldstid pr dag er 9 timar.

Kva kostar det?

Her finn ein oversikt over betalingssatsane for barnehage.

Retningslinjer for opptak

 

Kontaktinformasjon

May Britt Lyngvær Skavnes
Barnehagerådgjevar
E-post
Telefon 905 25 806

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart