Dette tek vi med oss frå innbyggardialogen «Sjå til Vestnes»

Torsdag 11. juni gjennomførte Vestnes kommune innbyggardialog med temaet «Sjå til Vestnes».

Innbyggardialogen samla aktørar frå frivilligheita og næringslivet for å løfte fram det som fungerer godt, og for å diskutere korleis vi kan byggje vidare på dette saman. 

Dette snakka vi om

Resultatet av gruppearbeid

Som på kvar innbyggardialog var det gruppearbeid på ulike bord. Denne gongen vart følgande spørsmål diskutert:

Kva meiner du er det mest positive i Vestnes-samfunnet?

Eit gjennomgåande poeng i samtalane var engasjementet i kommunen. Frivilligheit blei løfta fram som ei viktig styrke, saman med eit næringsliv med mykje driv og vilje til å bidra. Dette vart sett på som ein sentral ressurs for aktivitet og samarbeid i lokalsamfunnet.

Vestnes blei også skildra som ein kommune med høg aktivitet, der det skjer mykje innan idrett, kultur og frivilligheit. Det vart peika på at det finst mange tilbod for dei som vil og tør å engasjere seg, mellom anna gode turmoglegheiter og eit variert kultur- og fritidstilbod.

Det blei vidare vist til at Vestnes har både eit fungerande sentrum og sterke bygdelag, som til saman styrkjer kommunen som heilskap. I denne samanhengen vart det nemnt at kommunen har tilgang på det som blei omtala som «patriotkapital» – lokale aktørar som bidreg med ressursar og engasjement rundt om i kommunen.

God plassering i fylket, at ein blir godt teken imot som ny i kommunen, eit rikt kulturliv og eit godt sentrum blei også nemnt som positive sider ved Vestnes-samfunnet.

Korleis kommuniserer vi dette ut/fram i dag?

Når det gjeld korleis Vestnes kommuniserer det som er bra, meinte fleire at ein er for dårleg til å fortelje om alt som fungerer godt. Det vart peika på at kommunen har mykje å by på, både innan næringsliv, aktivitetar og moglegheiter, men at dette i for liten grad blir formidla, både til eigne innbyggarar og omverda.  

Samstundes peika nokon andre på at mykje fungerer bra allereie, og at ein har blitt betre på dette dei siste åra. Det vart vist til at ein jamleg blir eksponert for arrangement og aktivitetar som freistar, men at det alltid er rom for forbetring.

iVestnes blei trekt fram som ei god nettside og plattform som bør brukast meir aktivt og gjerast meir synleg. Lokalavisene fekk også ros for å vere flinke til å formidle det som skjer, medan næringsforumet vart omtalt som offensivt og frampå. Døme som Søblomsten vart nemnt som illustrasjon på kva potensial som finst når ein dreg i lag.

Framsnakking vart løfta fram som noko Vestnes kan bli endå betre på. Det vart understreka at ein bør ta med seg det positive perspektivet inn i eigne arenaer, framsnakke kvarandre og dele informasjon vidare når ein veit om noko som skjer.

Ofte er det lett å leggje merke til det negative, kva er ditt bidrag for at vi ser og fremmar det vi får til?

Ordføraren tok til orde for Vestnes kommune og peika på at kommunen har fått på plass kommunikasjonskompetanse i organisasjonen, at dette merkast, og at det har gitt ein meir fagleg tilnærming til kommunikasjon.

Nokon andre delte eit personleg døme på korleis ein sjølv har framsnakka Vestnes. Dei hadde mellom anna skrytt av det sosiale livet og løfta fram Vestnes som ein familievennleg stad å bu, og peika på at sjølv om ein ikkje skulle ta på seg all æra, endte desse opp med å flytte tilbake til kommunen.

Sosiale medium vart nemnt som ein kanal der mange allereie er aktive, men der det framleis ligg eit potensial. Det vart understreka at ein kan bli meir bevisst på å dele, samarbeide og tenkje heilskapleg.  

Det vart også snakka om betydninga av å framsnakke, og at det ein vel å fokusere på er eit val. Det vart vidare framheva at det å bidra til ein meir positiv kultur er eit ansvar alle deler.

Pandeldebatt

Innbyggardialogen blei avslutta med ein paneldebatt der fleire av innleiarane deltok, saman med konstituert leiar for frivilligsentralen, Birgit Vollen. Samtalen samla mange av perspektiva som hadde kome fram tidlegare i dialogen.

Paneldebatt under innbyggardialogen

I panelet vart det løfta fram stor stoltheit over Vestnessamfunnet. Naturen, lokalsamfunna, frivilligheita, næringslivet og eit levande sentrum blei nemnt som viktige kvalitetar. Fleire peika på at kombinasjonen av sterke bygdelag, mange aktivitetar, eit rikt kulturliv og eit generøst næringsliv bidreg til at Vestnes er ein attraktiv stad å bu.

Frivilligheita blei trekt fram som heilt avgjerande, både for trivsel og inkludering. Samstundes vart det peika på at næringslivet får mykje att for å støtte frivillige lag og organisasjonar, mellom anna gjennom å kunne tiltrekkje og halde på tilsette over tid.

Samarbeid mellom frivilligheit, næringsliv og kommune vart omtalt som ein styrke, men også som eit område med potensial for vidare utvikling. Det blei løfta fram eit ønske om fleire møteplassar på tvers, der ein kan bli betre kjent med kvarandre, få innsikt i kvarandre sine rammer og samarbeide tettare.

Det vart også peika på betydninga av å løfte fram det positive i større grad, ikkje berre gjennom eiga kommunikasjon, men at lokalavisene også har eit ansvar her. Samla sett blei det teikna eit bilete av eit lokalsamfunn med mykje engasjement, vilje til samarbeid og tru på vidare utvikling.

Dette gjer vi med innspela

Vi kan ikkje svare på alle innspela, men det kom fram nokre tydelege tilbakemeldingar frå dei som møtte opp.

Løfte fram det som fungerer betre

Eit gjennomgåande innspel frå deltakarane var at Vestnes har mykje som fungerer godt, men at dette ofte blir for dårleg kommunisert. Mange meinte både kommunen, næringslivet og frivilligheita kan bli flinkare til å løfte fram det som skjer og det vi får til.

Kommunen er samd i dette, og arbeider allereie med å styrkje kommunikasjonen. Tal frå eigne kanalar viser at synlegheita vår er aukande. Samstundes ligg det eit tydeleg potensial i å bli endå betre, særleg når det gjeld å formidle gode historier og ta i bruk fleire format som bilete og video. Dette er eit arbeid det blir jobba kontinuerleg med.  

Samstundes er Vestnes kommune i omstilling og må prioritere ressursane klokt. Eit viktig arbeid som no har høg prioritet og tek opp kommunikasjonsressursar, er utvikling av ny kommunal nettside. Målet er at innbyggarane raskare og enklare skal finne det dei lurer på, og oppleve kommunen som meir oversiktleg og tilgjengeleg digitalt. Meir informasjon om dette arbeidet og moglegheiter til medverknad vil bli delt etter kvart.

Når dette arbeidet er ferdigstilt, vil kommunen ha meir kapasitet til å fokusere på kanalane våre i sosiale medium. Mellom anna med jamnare innhald, betre oversikt over det som skjer i kommunen, og tydelegare synleggjering av gode initiativ og samarbeid i Vestnes.

Fleire arenaer for samarbeid 

Det vart løfta fram eit ønske om fleire arenaer der kommune, næringsliv og frivilligheit kan møtast meir uformelt. Målet er betre kjennskap til kvarandre sine roller og rammer, og meir samarbeid på tvers.

Dette tek vi med oss vidare. I første omgang vil kommunen sjå på korleis eksisterande møteplassar og arenaer kan brukast meir aktivt og målretta. Vidare vil kommunen ta med seg dette innspelet til samarbeidspartnarar som Vestnes næringsforum for å sjå korleis behovet for fleire møtepunkt kan følgjast opp på ein praktisk måte. 

Stoltheit, identitet og sjølvbilete

Mange innspel handla om stoltheit over Vestnes, knytt til næringsliv, frivilligheit, kultur, lokal historie og eit meir levande sentrum. Samstundes vart det peika på at denne stoltheita ofte ikkje blir sagt høgt nok, og at Vestnes i periodar kan vere for beskjeden med å løfte fram det ein faktisk får til.

Å byggje stoltheit og identitet er eit felles ansvar for kommune, næringsliv, frivilligheit og innbyggarar. Kommunen vil ta med seg dette i arbeidet med kommunikasjonen sin, og vere meir medviten på å løfte fram det Vestnes er kjent for og det vi er gode på. Samstundes er dette noko som må skje i samspel med andre aktørar, gjennom framsnakking, deling og felles eigarskap til historia om Vestnes.