Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

eDialog

eDialog

Ved å bruke eDialog kan du vere sikker på at sensitive og teiepliktige opplysningar blir ivareteke på ein trygg måte. Mange sender dokument til kommunen med e-post. 
E-post kan vere ein usikker kanal. Ved å nytte tenesten eDialog kan du sende oss dokument på ein sikker måte.

Send sikker digital post til postmottak 

Send sikker digital post til PPT  

Send sikker digital post til byggesak

Korleis bruke eDialog

  1. Klikk på knappen ovanfor (vel rett mottakar)
  2. Logg inn ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID el.l)
  3. Skriv inn i skjemaet og legg ved dokument

Slik fyller du ut skjemaet

  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
  • Vel om du er privatperson (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Tittel: Kva gjeld henvendinga? Skriv gjerne saksnummer
  • Kommentar: Her kan du skrive inn teksten din
  • Du kan laste opp vedlegg. Dei fleste format kan brukast: pdf, png, jpg, tiff, xml, text, mpeg video, mp3 eller waw-filer. Word-dokument må gjerast om til pdf.
  • Klikk på "Send". Forsendinga blir kryptert og sendt direkte til oss. Du får kvittering med referansenummer på e-post eller sms

Du skal ikkje bruke eDialog dersom

  • Vestnes kommune har eige søknadsskjema til føremålet, f.eks søknad om barnehageplass, søknad om bålbrenning
  • du har enkle spørsmål som kan besvarast med e-post