Innbyggardialog om beredskap: Dette tek vi med oss vidare

Torsdag 10. september gjennomførte vi innbyggardialog om beredskap. Her er ei oppsummering av det som vart presentert, og kva vi tek med oss vidare. 

Dette snakka vi om

Resultatet av gruppearbeidet

Som på kvar innbyggardialog var det gruppearbeid på ulike bord. Denne gongen vart følgande spørsmål diskutert:  

1. Kva er di rolle i beredskap, og kva kan du bidra med?

Eit gjennomgåande poeng blant deltakarane var at beredskap startar heime.

Mange peika på at den viktigaste oppgåva først og fremst er å ta vare på seg sjølv og sine næraste. Dersom ein er førebudd og har kontroll på eigen situasjon, blir det også lettare å hjelpe andre som treng det. 

Samtidig var det mange som uttrykte at dei ville sjå til naboar og andre som kan ha behov for hjelp. I den samanhengen peikte nokre på verdien av å etablere kontakt og bli kjende med kvarandre allereie i fredstid

Diskusjonane handla også om konkrete førebuingar, som å ha tilgang til det ein treng for å klare seg ei stund på eiga hand, til dømes vatn, mat, medisinar, varme klede og andre nødvendige forsyningar.

2. Kva er det viktigaste omsynet å ta i ei krise?

Tilgang til korrekt informasjon var eit av tema som gjekk att i gruppediskusjonane. Å søkje etter sikker informasjon og følgje råd frå styresmaktene vart nemnt som viktige element. 

Det kom også innspel om at informasjonspunkta bør vere plasserte i alle bygder og grender, slik at alle har eit informasjonspunkt i nærleiken. Det kom også fram spørsmål om alle informasjonspunkta bør vere bemanna. 

Omtanke og hjelp til naboar vart også løfta fram som eit viktig omsyn å ta.

3. Kor førebudd er du dersom straum, vatn og elektronisk kommunikasjon blir borte i meir enn 14 dagar?

Nokre opplevde seg som godt førebudde og meinte dei ville klare seg relativt godt. Andre innrømte at dei hadde vore lite førebudde på ein slik situasjon.

Ei gruppe peika på at konsekvensane også vil vere avhengige av årstida. Til dømes kan bortfall av elektrisitet til oppvarming bli ei stor utfordring om vinteren.

Andre løfta fram at tilgang til vatn, mat, drivstoff og andre nødvendige forsyningar kunne bli ei utfordring. Fleire meinte dei kanskje hadde litt på lager, men var usikre på om det ville vere nok til å klare seg i 14 dagar.

Ei gruppe løfta fram kor viktige sosiale møteplassar kan vere dersom ei krise varer over tid. I den samanhengen vart det også nemnt at det kan vere lurt å ha brettspel og andre aktivitetar tilgjengelege for å halde oppe trivsel og fellesskap.

Dette gjer vi med innspela vi fekk

Vi kan ikkje svare på alle innspela som kom fram, men det var nokre tema som gjekk igjen hos fleire av deltakarane.

Informasjonspunkt

Informasjonspunkt var temaet som skapte størst engasjement, og som vi fekk flest tilbakemeldingar om under dialogen. Nokre meinte at slike punkt bør vere tilgjengelege i alle bygder og grender. Andre peika på at alle informasjonspunkta bør vere bemanna.

Innspela tek vi med oss vidare og vil vere ein del av grunnlaget for dei vidare vurderingane. Kor mange informasjonspunkt kommunen skal ha, kvar dei skal vere plasserte, og i kva grad dei skal vere bemanna, er ikkje avgjort enno.

Vi er einige i at vi må sikre ei god geografisk og befolkningsmessig dekning. Samtidig må vi sørgje for at løysinga faktisk kan driftast over tid. Eit bemanna informasjonspunkt stiller ein del krav til ressursar, personell med nødvendig kompetanse og tilgang til teknisk utstyr som fungerer sjølv når internett, mobilnett og andre tradisjonelle kommunikasjonsløysingar er nede.

Det vart også reist spørsmål om korleis ein kan sikre at informasjonen ved informasjonspunkta er korrekt og ikkje blir endra eller manipulert. For å redusere denne risikoen har vi allereie sett på fleire moglege tiltak.

Det kom også forslag om å sende informasjon om kva informasjonspunkt er og kvar dei er plasserte til alle husstandar. Dette er eit tiltak vi meiner det kan vere verdt å vurdere.

Eigenberedskap

Det var einigheit om at eigenberedskap er ein viktig del av den samla beredskapen i kommunen. Vår erfaring er at innbyggarane generelt er betre førebudde enn før, men tilbakemeldingane viser at førebuingsnivået framleis varierer.

Vi vil halde fram med å informere om råda frå styresmaktene og oppmode innbyggarar til å vurdere sin eigen beredskap. Samtidig arbeider vi vidare med informasjonspunkt, betre beredskapsinformasjon på dei digitale flatene våre og fleire ulike beredskapstiltak.