Dette er dei viktigaste innspela frå vår første innbyggardialog

Vestnes kommune gjennomførte sin første innbyggardialog i november for å få innspel til korleis vi kan skape eit betre lokalsamfunn.

Det kom mange innspel, men dette er dei sentrale punkta som gjekk igjen oftast.

Innbyggarane kan og ønskjer å bidra

Fleire understreka betydninga av frivilligheit og engasjement. Mange vil delta på dugnader, vere med i lag og foreiningar, og bidra til eit inkluderande lokalsamfunn. Det kom òg forslag om å bruke eigne ressursar og kompetanse, som IT-opplæring for eldre og fadderordning for tilflyttarar.

Eit gjennomgåande ønske var at unge skal få større moglegheit til å bidra. Det kom til dømes forslag om fleire sommarjobbar, at unge kan vere leikeassistentar i barnehage eller vere besøksvenn. Fleire peika òg på at ungdom bør vere med på innbyggardialogar framover.

Ny ungdomsskule er avgjerande

Eit av dei største ønska frå innbyggardialogen var behovet for ny ungdomsskule. Dette vart trekt fram som heilt avgjerande for trivsel og tilflytting. I tillegg vart gode skular, kulturtilbod og møteplassar for ungdom nemnde som viktige faktorar for å gjere kommunen attraktiv.

Betre kommunikasjon og tilgjengelegheit

Innbyggarane etterlyste tydelegare informasjon, meir openheit og raskare respons frå kommunen. Det vart foreslått meir og betre informasjon på nettsider om tenester og tilbod, betre telefonsystem og alternativ til digital informasjon for dei som treng det.

Kva bør kommunen slutte med?

Eit klart bodskap var å slutte med omfattande bruk av vikarar og vikarbyrå, og heller satse på eigne tilsette. Mange ønskjer òg slutt på for mange deltidsstillingar, konsulenttenester, unødvendig byråkrati og meiner kommunen har for stor administrasjon. Ressursbruk på prosjekt som ikkje gir verdi vart òg nemnt.

Realistiske forventningar og openheit

Innbyggarane ønskjer tydeleg informasjon om kommunens ansvar og avgrensingar, klare prioriteringar og openheit om utfordringar og ressursbruk. Dei etterspør òg meir kunnskap om kommunen, økonomien og korleis ein brukar ressursane.

Tema for framtidige dialogar

Innbyggarane fekk òg svare på kva dei meinte burde vere tema i framtidige møter. Forslaga spenner frå ungdomstilbod og fritidsaktivitetar, senioromsorg og helsetenester, samt bustadutvikling. Mange ønskjer òg meir informasjon om kommunale tenester og kva kommunen faktisk gjer for å møte utfordringar. Sist, men ikkje minst, peika fleire på at ny ungdomsskule bør vere eit tema for vidare dialog.

Dette meinte innbyggarane var viktigast med dialogen

På slutten av møtet fekk deltakarane svare på kva dei synest var viktigast med innbyggardialogen. Svara vart samla i ei ordsky, der informasjon, dialog og bidra var dei orda som gjekk igjen flest gonger. 

Neste innbyggardialog blir: Måndag 15. desember, kl. 17-19, på Vestnes bibliotek.