I kjent stil opna ordførar Randi Bergundhaugen møtet og la vekt på at dei unge er framtida. Ho understreka at ungdommen si stemme er avgjerande for utviklinga av Vestnes.
Ordførar Randi BergundhaugenKommunikasjonsrådgivar Casper Kanestrøm poengterte at det kan vere utfordrande å nå unge med informasjon, og orienterte kort om korleis møtet var marknadsført. Det vart mellom anna publisert:
- Innlegg, video, bildeserie og stories i sosiale medium
- Informasjon på nettsida til kommunen og iVestnes
- Innhald via SMUD, ungdomsrådet, iVestnes, frivilligsentralen og fleire
- Plakatar og innhald på infoskjermar
- Omtale i lokalavisa
Situasjonen og arbeidet for å møte utfordringane
Kommunedirektør Audhild Mork orienterte så om utviklingstrekk som påverkar unge. Ho viste til tal som syner at éin av seks unge står utanfor arbeidslivet i Noreg, og peika på at dette er noko vi ikkje har råd til dersom vi skal sikre eit berekraftig samfunn.
I Møre og Romsdal står 17 prosent av unge mellom 20 og 29 år utanfor arbeidslivet. For Vestnes kommune er det venta at vi allereie i 2030 vil ha færre innbyggarar i yrkesaktiv alder enn dei vi skal yte tenester til.
Kommunedirektør Audhild MorkKommunedirektøren peika også på at det er samanheng mellom oppvekstvilkår, økonomi og risiko for utanforskap. Statistikken viser at barn og unge som veks opp i familiar som mottar sosialhjelp, i mykje større grad står i fare for å hamne i same situasjon sjølve.
Difor understreka kommunedirektøren at den heilskaplege innsatstrappa som Vestnes kommune arbeider med, blir eit viktig verktøy. Vi må i større grad starte med tidleg innsats og setje inn tiltak på eit lågare nivå i trappa, slik at utfordringar ikkje får utvikle seg unødvendig før dei blir fanga opp.
Avslutningsvis peika ho på fleire tiltak retta mot barn og unge som allereie er etablerte eller under arbeid i Vestnes kommune:
- Skulehelseteneste for grunnskule og vidaregåande (målgruppe 5–20 år).
- To timar kvar veke med helsesjukepleiar og lege som supplement til skulehelsetenesta.
- Helsestasjon for ungdom (målgruppe 13–20 år).
- Psykisk helseteam for barn og unge med samtaleoppfølging. Teamet skal også styrkast framover.
- Det er oppretta overordna leiarnettverk for barn og unge i Vestnes som skal gi tettare samarbeid mellom oppvekst og helse.
- Kommunen er i gang med BTI (betre tverrfagleg innsats) og har motteke midlar til dette arbeidet.
- SMUD, ei uformell møteplass for ungdom frå 8. trinn til 18 år, open tre dagar i veka i samarbeid med frivillige.
- Det er søkt om midlar til programmet Tuning into Teens, som har som mål å styrke samspel mellom ungdom og føresette.
- Forprosjekt for ny ungdomsskule er starta og blir arbeidd med.
- Arbeid med bustadpolitisk handlingsplan for å gjere det lettare for unge å etablere seg på bustadmarknaden, uavhengig av om dei har ressurssterke foreldre.
Utdanning, arbeid og tilhøyrsle blant unge
Leiar i ungdomsrådet, Bjørnar Wernberg Aas, var neste på talarstolen.
Han starta med å vise filmen Tvilens gylne augeblikk, som er ein del av kommunen sitt mangfaldsprosjekt. Prosjektet har som mål å styrkje mangfald, inkludering og gode haldningar i lokalsamfunnet. Filmen rettar seg særleg mot ungdomstrinna og skildrar augeblikk der det kan vere vanskeleg å ta ordet.
Leiar i ungdomsrådet, Bjørnar Wernberg Aas som visar filmen Tvilens gyldne augeblikkDeretter presenterte han nokre tal knytte til det å vere ung i Vestnes. Som mange kjenner til, blir vi færre unge og fleire eldre framover. Det gjer at ungdom blir ei stadig viktigare gruppe for Vestnes i åra som kjem.
Bjørnar peika på at Vestnes treng alle hender vi kan få, uavhengig av kva utdanningsveg ungdom vel. Yrkesfag, arbeidserfaring og høgare utdanning er like viktige delar av eit lokalsamfunn.
Han viste også til tal frå Ungdata som syner at 38 prosent av ungdomane i Vestnes planlegg å ta høgare utdanning, samanlikna med 58 prosent nasjonalt. Det betyr at ein lågare del av ungdomane her ser for seg høgare utdanning enn i landet elles.
I tillegg løfta han fram ei utfordring som påverkar kommunen på sikt. Mange av dei som tek høgare utdanning, flyttar bort og mange kjem ikkje tilbake. Dette bidreg til at Vestnes mistar viktig kompetanse og unge vaksne som er nødvendige i både arbeidslivet og lokalsamfunnet.
Vestnes har òg ein del unge uføre, og mange av dei er under 34 år. Bjørnar peika på at når unge ikkje får planlagt eller sett ein retning for framtida si, kan det gi færre moglegheiter, større risiko for å falle utanfor og ein tøffare start på vaksenlivet.
Samtidig løfta han fram eit positivt funn. Ungdom i Vestnes rapporterer sterk tilhøyrsle til heimbygda. Det kan vere ein viktig faktor som på sikt kan bidra til at fleire ønskjer å kome tilbake.
Resultatet av gruppearbeid
Deltakarane vart delte inn i grupper med både unge og vaksne. Dei diskuterte følgande spørsmål:
1. Kva hadde frista deg til å busette deg i Vestnes etter utdanning?
Gode jobbmoglegheiter vart framheva som noko av det viktigaste for at unge skal ønskje å vende tilbake til Vestnes. Dei fleste er heilt avhengige av arbeid for å kunne busette seg ein stad. Fleire understreka også at det ikkje berre handlar om at det finst jobbar, men at det må vere variasjon i jobbmoglegheitene.
Behovet for bustad var eit anna tema som mange løfta fram. Særleg vart det understreka kor viktig det er at nyetablerte faktisk har moglegheit til å kome inn på bustadmarknaden i kommunen. Men det vart òg peika på behovet for bustader i ulike prisklassar på fleire stader i Vestnes.
Vidare blei varierte tilbod, aktivitetar og butikkar trekt fram som faktorar som gjer det meir attraktivt å bu i kommunen. Det blei òg påpeika at ønskje om å vende tilbake ofte heng saman med at ein sjølv har hatt ein god og trygg oppvekst i kommunen.
Andre forhold som kom opp, var behovet for betre helsetilbod, nærleik til venner og familie, moglegheita til å vere ute i naturen, gode vilkår for å starte eiga bedrift, og eit samfunn prega av mangfald og høve til å vere seg sjølv.
2. Kva er viktig for deg å ha i fritida di?
Eit gjennomgåande poeng blant deltakarane var behovet for betre offentleg transport. Mange ungdomar opplever at dagens busstilbod ikkje er godt nok, særleg for dei som bur utanfor sentrum. Dei fortalde at dei er heilt avhengige av buss for å kunne delta på aktivitetar og bruke tilboda som finst. Hyppigare avgangar, spesielt på kveldar og i helgar, vart etterlyst.
Det vart òg lagt vekt på at alle bør ha eit fritidstilbod som passar interessene deira, og at det må finnast aktivitetar som går utover dei mest vanlege tilboda som idrett og dans. Aktivitetar som kodeklubb og teikne-/maleklubb vart nemnde spesielt. I tillegg uttrykte deltakarane ønskje om fleire møteplassar, som kafear og restaurantar. Særleg ein stad der ungdom kan samlast på kveldstid vart trekt fram som etterlengta.
Det blei òg peika på at venner, eit sosialt miljø og moglegheita til å prøve nye ting er særs viktig for ein meiningsfull fritid.
3. På kva måte kan du bidra til å skape eit godt Vestnes-samfunn?
Eit gjennomgåande poeng var at det er viktig å vere inkluderande, open og hyggeleg i møte med andre. Å hjelpe kvarandre i kvardagen og at det finst rom for å seie meininga si, vart omtalt som viktige kvalitetar. Nokon understreka òg betydninga av å ta nye personar godt imot, samtidig som ein tek vare på dei nettverka ein allereie har.
Fleire meinte at samfunnet blir betre når ein viser engasjement, deltek i aktivitetar eller bidreg i frivillig arbeid. Frivillig innsats vart løfta fram som heilt avgjerande og nokon nemnte at utan frivillige hadde til dømes idrettslaga ikkje eksistert.
Det kom også fram at ein må våge å delta, ta initiativ og skape det ein sjølv saknar. Samtidig vart det framheva at det er viktig å støtte dei som faktisk satsar, slik at ein kan utvikle eit breiare og meir variert tilbod slik som fleire har etterspurt.
Eit konkret innspel var ønskje om at vaksne og foreldre i større grad bidreg med køyrehjelp og organisering når det trengst. Dette vil gjere det enklare for ungdom å delta på aktivitetar, samtidig som det avlastar den enkelte som kan sleppe å køyre fram og tilbake like ofte.
Det kom òg fram at ein kan styrkje lokalsamfunnet ved å etablere seg i kommunen, vere ein aktiv medborgar og framheve det ein set pris på i Vestnes. Vidare vart arbeid, særleg fleire ungdomsarbeidsplassar, lærlingplassar og sommarjobbar, trekt fram som viktige tiltak.
4. Korleis kan ulike generasjonar samarbeide for å skape noko positivt?
Det blei peika på at gode møte mellom generasjonane krev at alle får rom, blir lytta til og kjenner seg trygge. Ein deltakar understreka at ein kan ha det kjekt saman uansett alder, men at unge ofte trekkjer seg unna dersom dei opplever at eldre ikkje lyttar, eller at samtalar blir prega av krangling.
Engasjement og nysgjerrigheit på kvarandre vart trekt fram som viktig. Mange meinte at alle kan bidra litt der dei har moglegheit. Begge generasjonar har verdifull kompetanse som kan delast, til dømes er ungdom ofte gode på teknologi, medan eldre gjerne har meir kunnskapar som strikking eller matlaging som ungdom kan ha nytte av.
Det kom òg ønskje om fleire lågterskel møteplassar og forslag til korleis ein kan samarbeide om ulike aktivitetar. Hjelp til køyring, felles leksehjelp, Frå hav til fat, og Det umoglege huset i Rauma blei nemnde som tiltak og inspirasjonskjelder for korleis ein kan samle både unge og eldre på ein naturleg måte.
Dette gjer vi med innspela vi fekk
Vi kan ikkje svare på alle innspela, men det kom fram nokre tydelege tilbakemeldingar frå dei som møtte opp.
Offentleg transport
Utfordringar med kollektivtransport var eitt av dei mest omtalte temaene. Dette påverkar kvardagen til unge i særleg grad. Når ein ikkje har førarkort og er avhengig av andre, blir buss eit heilt avgjerande tilbod.
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for kollektivtransporten, og difor er det avgrensa kor mykje vi som kommune kan bestemme åleine. Tilbakemeldingane frå innbyggardialogen tek vi med oss inn i dialogen vi har med fylkeskommunen.
Tidlegare har fylkeskommunen drifta ordninga Trygt heim for ein 50‑lapp, men tilbodet vart avvikla. No har samferdselsutvalet vedteke at ordninga skal vidareførast, men i ei ny organisering. Framover blir dette ei tilskotsordning der kommunane sjølve må søkje om midlar og stå for drift. Vi vil undersøkje moglegheitene for å vidareføre tilbodet, og søkje om midlar når det blir mogleg.
Når det gjeld køyrehjelp til fritidsaktivitetar, var dette eit innspel fleire trekte fram som nyttig for å gjere det enklare for ungdom å delta. Dette er ikkje noko kommunen kan organisere eller drifte, men vi ser at det kan vere eit godt døme på tiltak som foreldre og lokalsamfunnet kan samarbeide om der det er behov.
Arbeidsmoglegheiter
Arbeidsmoglegheiter blei òg trekt fram som heilt avgjerande. Vestnes kommune ser behovet for å tiltrekkje oss unge arbeidstakarar, og ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass for ungdom som står i starten av yrkeslivet.
Kommunen tilbyr allereie fleire praksisplassar og sommarjobbar for unge, og erfaringane viser at desse ordningane er verdifulle både for ungdommane og for kommunen. Vi ønskjer derfor å undersøkje om det finst moglegheiter for å utvide tilboda til fleire delar av organisasjonen. Slike tiltak gir ungdom nyttig arbeidserfaring, styrkjer tilknytinga til arbeidslivet og kan vere eit viktig første steg inn i arbeid.
Samtidig er vi avhengige av eit aktivt og mangfaldig privat næringsliv. Vi arbeider for å leggje til rette for gode rammer for verksemder som ønskjer å etablere eller utvikle seg i kommunen. I dialogen med samarbeidspartnarar og lokale bedrifter vil vi òg sjå på korleis vi kan bidra til at fleire unge får innpass i arbeidslivet lokalt.
Vestnes kommune og Vestnes næringsforum har òg starta ein dialog om å etablere ein digital base. Denne skal innehalde oversikt over behov for arbeidskraft fram i tid, slik at ungdom som er under utdanning, tidlegare kan sikte seg tilbake til Vestnes.
Bustader
Behovet for rimelege bustader på ulike stader i kommunen blei òg trekt fram som viktig for at unge skal kunne etablere seg. Dette blir eit sentralt tema i arbeidet med den bustadpolitiske handlingsplanen.
Fritidstilbod og møteplassar
Vi merkar oss ønskje om meir varierte fritidstilbod og aktivitetar, og tek desse innspela med oss i det vidare arbeidet med møteplassar og ungdomstilbod.
Samtidig oppmodar vi ungdomane til å spele inn konkrete tilbod og aktivitetar dei ønskjer seg. Når vi kjenner behova betre kan vi vere meir treffsikre med dei ressursane vi har, og kan vurdere kva som er mogleg å følgje opp vidare i samarbeid med frivilligheita, næringslivet og andre aktørar.
Fleire etterlyste fleire butikkar og uformelle møteplassar som kafear og liknande. Sjølv om dette ligg utanfor det kommunen kan drive, arbeider vi for å gjere det attraktivt for næringslivet å starte og drive slike tilbod i Vestnes. Dette gjer vi mellom anna i samarbeid med Vestnes Næringsforum.