Rett til innsyn i offentlege dokument

Offentleg journal/postjournal gir deg oversikt over post som er sendt til og frå kommunen. 

Offentleg postjournal

I den offentlege postjournalen finn du inn- og utgåande brev til og frå kommunen. Her kan publikum og pressa enkelt følgje med på saker som blir behandla av kommunen, og be om innsyn i dokument. Dokumenta kan lesast i sin heilskap dersom det ikkje er gjort unntak med heimel i lov. 

Den publiserte postjournalen omfattar arkivdelane Eigedom, Møtedokument, Plan og Saksarkiv. Arkivdelar som inneheld personopplysningar, som barnemapper, elevmapper og personalmapper, blir ikkje publiserte i postjournalen.

Postjournalen er som hovudregel tilgjengeleg innan fem arbeidsdagar etter journalføring. Dette er av omsyn til kvalitetskontroll før dokumenta blir publiserte. 

Korleis få innsyn? 

For å få tilgang til postjournalen kan du nytte knappen ovanfor. Der finn du oversikt over dokument som er sendt til og frå kommunen.

Du kan opne dokumenta direkte ved å klikke på dokumenttittelen.

Dokument med hengelås er ikkje offentleg tilgjengelege. Du kan likevel be om innsyn i dokumentet ved å klikke på «Be om innsyn». Kommunen vil då vurdere om du kan få innsyn i heile eller delar av dokumentet. Når du ber om innsyn, må du oppgi kva sak eller kva type sakar du ønskjer innsyn i. Du kan ikkje be om innsyn i alle dokument kommunen har.

Ønskjer du tilgang til dokument som er eldre enn 01.01.2020 eller har spørsmål om innsyn kan du sende ein e-post til: postmottak@vestnes.kommune.no

Saksbehandlingstid 

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan 1–3 arbeidsdagar. Dersom du ikkje har mottatt svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen mottok kravet ditt, blir dette rekna som avslag.

Rett til innsyn i offentlege dokument

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unntak med heimel i lov. Sjølv om eit dokument kan vere unnateke offentlegheit, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).

Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre rett til innsyn i databasar dersom informasjonen kan hentast fram på ein enkel måte.

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Sakslister eller saksdokument til kommunestyret eller andre kommunale folkevalde organ
  • Dokument til og frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon
  • Dokument til og frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerdsmynde i saka dokumentet gjeld

I fylgje Offentleglova § 28 kan krav om innsyn rettast munnleg så vel som skriftleg til Vestnes kommune. Kravet bør likevel vere retta mot ei bestemt sak eller ein spesifikk type saker.  

Utval - Politiske saker til behandling 

Publikum får tilgang til møteplan for styre, råd og utval. Der ligg møteinnkallinga og møteprotokoll med tilhøyrande saksframlegg med eventuelle vedlegg. Merk at komplette møteinnkallingar ofte er store dokument som kan vere tunge å laste ned.

Lenke til politiske saker

Klage

Dersom innsynskravet ditt blir avslått, vil vi vise til lovbestemminga som er grunnlaget for avslaget. Vi opplyser også om klagemoglegheit og klagefrist. Statsforvaltaren er klageinstans, men klaga skal sendast til kommunen. Du har òg klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir då rekna som eit avslag.

Klaga skal avgjerast så snart som mogleg. I samband med klagebehandlinga kan Statsforvaltaren òg bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.

Les meir om klagerett ved avslag på innsyn på presse.no

Kva kostar det?

Kommunen kan krevje betaling for utskrifter, kopiar og utsending når talet overstig 100 sider i ei sak. Då kan kommunen krevje 1 krone per ark utover 100 sider, samt betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld eigne reglar.

Aktuelt lovverk

Sjå også

Kontakt

Dokumentforvaltning og arkiv

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 12:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk eller avtale tid på førehand.