Ordførar Randi Bergundhaugen opna møtet med å forklare kvifor førebygging og tidleg innsats er avgjerande. Kommunedirektør Audhild Mork utdjupa deretter temaet og gav deltakarane bakgrunnsinformasjon, før kommunalsjef Nils Eidhammer presenterte budsjettet for 2026 og økonomi- og handlingsplanen for 2026–2029.
Som respons på ønskje frå førre innbyggardialog viste kommunedirektøren fram organisasjonskartet og presenterte kommunalsjefane, som fortalde om sine ansvarsområde og oppgåver. Dette for å gi innbyggjarane betre innsikt i korleis kommunen er organisert og kva tenester og einingar som ligg under dei ulike kommunalområda.
Etter presentasjonane gjekk deltakarane i gang med gruppearbeid, der dei tok føre seg fire spørsmål.
1. Kva betyr førebygging for deg?
Gruppene hadde ulike innfallsvinklar, men alle var samde om at førebygging bør begynne tidleg. Ei gruppe peika på at førebygging kan bety ulike ting for ulike situasjonar, men hovudpoenget er å setje inn tidlege tiltak for å hindre store og kostnadskrevjande behov seinare.
Barnehage og helsestasjon vart nemnde som viktige arenaer. Andre understreka at førebygging handlar om alt som gir god folkehelse, både fysisk og psykisk. Kulturtilbod og gode møteplassar kom òg opp som sentrale faktorar.
Fleire meinte det er viktig å styrkje helsekompetansen, slik at folk kan klare seg sjølve i større grad. Samtidig krev førebygging både eigeninnsats og eit system som gir tilgjengeleg hjelp, uavhengig av enkeltpersonar. Ei gruppe peika på at vi må hindre at unge blir «kasteballar» mellom ulike system.
2. Korleis kan førebygging og tidleg innsats gje deg og dine eit godt liv?
Ei gruppe framheva at førebygging og tidleg innsats ikkje berre hjelper den enkelte eller familien, men kjem heile lokalsamfunnet til gode. Meistring, inkludering og tilpassing for ulike aldersgrupper blei òg lagt vekt på. Å oppmode arbeidsgivarar til å leggje til rette for at folk kan stå lenge i jobb blei òg nemnt.
Nokre meinte det er viktig å bruke både unge og eldre som ressursar. Det vart òg peika på at initiativ som styrkjer fellesskap og trivsel er viktige for førebygging.
3. Kva tiltak manglar vi i Vestnes, og kven andre enn kommunen kan vere bidragsytar?
Det kom mange konkrete forslag. Ei gruppe ønskte fleire helsesjukepleiarar, miljøterapeutar og eit ambulerande team som kan nå barn og unge der dei er. Andre peika på behovet for lågterskel møteplassar og aktivitetar på tvers av generasjonar. Ei gruppe foreslo ein «hub» for praktisk hjelp i samarbeid med NAV, næringsliv og frivillige, der ubenytta arbeidskraft kan nyttast til små oppgåver for dei som treng det.
Innbyggarane løfta òg fram behovet for buformer som støttar at eldre kan bu trygt og sjølvstendig lenger, som bufellesskap med fellesareal og enkel tilgang til praktisk hjelp. I forlenginga av dette kom forslag om organisert skyss inn mot sentrum, slik at fleire kan delta i aktivitetar, handle og vere sosiale.
Nokre peika på moglegheiter for kunstig intelligens og velferdsteknologi, og behovet for opplæringsarenaer der innbyggjarar kan styrkje digital kompetanse. Det kom òg forslag om å lære av andre som har lukkast med å byggje opp tenester på nye måtar, og her vart pilotprosjektet «Kom glad i skolen kvar dag» frå Danmark trekt fram som inspirasjon.
Det kom fleire forslag til korleis ein kan skape gode møteplassar og styrkje fellesskapet. Innspela inkluderte utlån av kommunale lokale og initiativ som ein kommunehage i Stella Maris-parken. Fleire ønskjer organiserte dugnadsprosjekt med ein arbeidsleiar som sikrar gjennomføring. Private aktørar, frivillige organisasjonar og arbeidsgivarar vart nemnde som viktige bidragsytarar. Tiltak som utandørsterapi vart òg framheva, og det er ønskjeleg med fleire liknande initiativ. Det vart òg nemnt at kommunen bør gi informasjon om kva moglegheiter for aktivitet og tiltak som finst
4. Har du fleire spørsmål du vil ha svar på?
- Korleis er kontrollutvalet organisert, og kven rapporterer kontrollutvalet til?
Kontrollutvalet blir valt av kommunestyret og er eit uavhengig kontrollorgan som fører tilsyn med kommunen si verksemd. Dei rapporterer direkte til kommunestyret.
- Etter desse innbyggarmøta – kva har kommuneleiinga teke vidare og nytta seg av?
Innbyggarane har peika på fleire viktige utfordringar: behovet for ny ungdomsskule, betre kommunikasjon og nettside, meir openheit om prioriteringar og ressursbruk, og korleis vi kan styrkje frivilligheit og engasjement. Desse innspela tek vi på alvor.
Vi har allereie starta arbeidet med å forbetre informasjonen på heimesida, og større oppgraderingar er på veg. Samtidig er det vedtatt oppstartprosjekt ny Helland ungdomsskule, som mange har peika på som avgjerande for trivsel og tilflytting.
Frå og med denne innbyggardialogen vil si noko om kva vi tek vidare. Du finn oversikta frå dette møtet her.
- Kva blir gjort for å forbetre heimesida til kommunen, og kan noko gjerast for å forbetre søkjefunksjonen?
Det vart tilsett ein kommunikasjonsrådgivar i september 2025, og ei av oppgåvene hans er å forbetre heimesida. I tillegg er det sett i gang ein større oppgradering av heimesida gjennom det interkommunale samarbeidet ROR IKT. Denne prosessen er omfattande og har mål om å vere ferdig i første halvdel av 2027.
I samband med denne oppgraderinga vil vi ta ein grundig gjennomgang av kva informasjon som ligg ute, korleis den er strukturert, og korleis vi kan gjere sida enklare å bruke.
Når det gjeld søkjefunksjonen, er det nokre, men små grep som det blir jobba med for å gjere han betre. Dagens løysing har tekniske avgrensingar, men etter oppgraderinga vil søkjefunksjonen fungere betre.
- Kan det bli sett av tid til spørsmål i innbyggardialogane når vi har heile kommuneleiinga samla?
Ja, vi ønskjer å setje av tid til spørsmål i innbyggjardialogane, og denne gongen gjorde vi nettopp det gjennom dette spørsmålet. Samtidig kan vi ikkje alltid svare på alt på direkten. Nokre spørsmål går på tvers av fleire kommunalområde, krev dialog med ulike fagpersonar og einingar, eller baserer seg på datagrunnlag som må hentast inn.
Vi vil likevel prøve å svare under møta, og der det ikkje er mogleg eller tida ikkje strekk til, vil vi legge ut spørsmål og svar på heimesida – slik vi har gjort denne gongen.
- Korleis er sjukefråværet innan helse- og omsorgssektoren og oppvekstsektoren i samband med omstilling? Kven registrerer dette?
Sjukefråværet i helse- og omsorgssektoren og oppvekstsektoren har gått noko ned samanlikna med i fjor. Samstundes må vi vere merksame på at krevjande omstillingsprosessar kan føre til at fråværet aukar i enkelte periodar framover. Fråværet blir registrert i kommunen sitt kvalitetssystem.
- Kommunedirektøren informerte i si presentasjon om at kommunestyret har gitt kommuneleiinga i oppgåve å dreie pengebruken frå oppvekst til helse. Sidan vi brukar meir enn samanliknbare kommunar på helse, men mindre per elev i skule – er dette rettferdig?
Dette er ei krevjande prioritering. Målet er ikkje å svekke oppvekst, men å finne balansen mellom kommunalområda slik at vi møter behova i befolkninga. Vi står overfor store demografiske endringar, dersom vi ikkje tilpassar ressursbruken risikerer vi å ikkje kunne levere forsvarlege tenester til dei som treng det.
Kommunalområdet helse og omsorg har ansvar for både helsestasjon, rus og psykiatri og barnevern, som alle handlar om born og unge. Vi skal ikkje vri bruken frå born og unge til eldre, men frå oppvekst til helse. Det eine grepet vi har tatt er å etablere overordna leiarnettverk for born og unge frå både oppvekst og helse for å jobbe heilskapleg.
- Om vi brukar mindre på oppvekst korleis skal vi då få unge til å bli buande eller flytte hit, og korleis skal vi hindre utanforskap og sikre at fleire unge gjennomfører skulegangen og kjem seg ut i arbeid?
Vi er heilt einige i at gode oppvekstvilkår er avgjerande for trivsel, tilflytting og gjennomføring av skule. Samtidig betyr ikkje å vri pengebruken at vi må redusere kvaliteten.
Vi jobbar med løysingar som gir mest mogleg effekt innan begge kommunalområder. Samtidig ønskjer vi styrkje førebygging og tidleg innsats og vi ser på ein rekke tiltak som kan sikre trivsel og gjennomføring av skule.
- Har kommunen eit felles plandokument for førebygging og tidleg innsats? I så fall, kvar finn vi det?
Førebygging og tidleg innsats er omtalt i kommuneplanen sin samfunnsdel, og konkrete tiltak blir følgt opp av dei ulike kommunalområda og einingane. Du finn samfunnsplanen her.
Neste innbyggardialog er planlagd i februar. Vi kjem ut med meir informasjon når det nærmar seg.