Kva tilbyr vi?
PPT gir råd til dei som arbeidar i barnehagar og skular, slik at dei kan gi god støtte til barn og elevar som treng ekstra hjelp. PPT hjelper til med å finne gode løysingar når noko er vanskeleg, og vi er opptatt av at barnet eller eleven skal bli høyrd og forstått.
Når det er behov for å vurdere om eit barn eller ein elev har rett på spesialpedagogisk hjelp eller individuelt tilrettelagt opplæring lagar vi ei sakkunnig vurdering. Sakkunnig vurdering er som eit anbefalingsbrev til skulen eller barnehagen, der vi kjem med anbefalingar om kva barnet treng for å kunne lære best mogleg, og kva som kan hjelpe.
Vi kan òg gjere utgreiingar og testar, for eksempel dersom ein lurer på om ein elev har lærevanskar. Vi tilbyr også dysleksikartlegging frå og med 3. trinn, dersom skulen meiner det er grunnlag for det.
Om PPT sitt arbeid med rettleiing
Alle barnehagar og skular i kommunen har ein fast kontaktperson i PPT. Vi kjem regelmessig på besøk og deltek i møte der tilsette ønskjer å drøfte korleis dei best kan støtte eit barn eller ein elev. Før vi snakkar om eit barn eller ein elev med skulen eller barnehagen, må føresette ha sagt at det er greitt med eit samtykke.
I nokre tilfelle treng barnehagen eller skulen meir støtte over tid. Då kan dei sende inn eit skjema til oss der dei ber om rettleiing. Vi kan då komme på besøk og sjå korleis det er inne i klasserommet eller på avdelinga, snakke med dei som kjenner barnet godt, og hjelpe til med å prøve ut nye måtar å gjere ting på. Vi lagar ei eiga digital mappe om barnet eller eleven der vi skriv ned det som skjer, slik at vi kan hugse dette seinare.
Vi gir også rettleiing om større utfordringar i barnegruppa eller klassen, eller held kurs om tema som barnehagen eller skulen ønskjer å lære meir om.
Om PPT sitt arbeid med sakkunnig vurdering
Sakkunnig vurdering er som nemnt eit slags anbefalingsbrev til barnehagen eller skulen. Når PPT skal skrive sakkunnig vurdering, snakkar vi alltid med dei som kjenner barnet best, som føresette, lærarar og barnet sjølv.
Av og til handlar samtalane våre om ting som kan vere litt vanskelege å snakke om. Det kan til dømes vere om barnet bør få jobbe litt åleine utanfor gruppa, eller om barnet bør lære noko på ein annan måte enn resten av klassen. Då er det ekstra viktig at vi lyttar godt, og at både barnet og dei vaksne får seie kva dei meiner. PPT skal leggje vekt på kva dei fortel, men vi må òg gjere ei eiga vurdering der vi tek omsyn til fleire ting samtidig.
Vi kjem gjerne på besøk og ser korleis det fungerer i klasserommet eller i barnehagen. Nokre gonger bruker vi kartleggingsskjema eller testar, men kva vi gjer kjem an på kva som er utfordringa, og kva som allereie er prøvd.
Vi prøver å bli ferdige med vurderinga innan tre månader etter vi har fått innmelding. Når vi er ferdige, sender vi vurderinga til føresette og til dei som skal ta avgjerda om kva hjelp barnet skal få.
Viktige verdiar for PPT Vestnes
PPT Vestnes har som visjon å vere ein medspelar for utvikling og læring.
Vi set barnets sitt beste i sentrum og arbeider for å sikre at deira stemme blir høyrd og synleggjort i alle delar av arbeidet vårt.
PP-tenesta skal vere ein fagleg uavhengig instans. Det vil seie at våre anbefalingar ikkje skal vere prega av økonomiske omsyn, og kommunen skal heller ikkje kunne instruere oss eller kunne legge avgrensingar i kva vi skal anbefale av tiltak. PP-tenesta skal bidra med sterk og oppdatert fagleg kompetanse. Våre anbefalingar skal vere forskingsbasert og ut frå kjennskap til gjeldande lovverk og nasjonale føringar. PPT sitt faglege arbeid skal vere ope, etterprøvbart og rettferdig.
PPT Vestnes må framleis prioritere arbeid med sakkunnig vurdering. Det er ei målsetting å nytte minst mogleg tid til dette slik at vi kan få meir tid til å vere tilgjengeleg for barnehagane og skulane, både fysisk og digitalt. PPT si oppgåve er kort fortalt å gjere gode lærarar betre, på eit vis som betrar inkluderande leike- og læringsmiljø i barnehagar og skular. Det er difor viktig for oss å ha kjennskap til deira kvardag, og at hjelpa vår møter deira faglege behov.
PP-tenesta skal vere ein aktiv bidragsytar i det tverrfaglege samarbeidet rundt barna. Vår deltaking vert prioritert ut frå behova for bistand som kjem frå barnehagane og skulane.
Innmeldingsskjema med vedlegg