Beredskap

Beredskap handlar om å vere førebudd når noko uventa skjer. Her finn du informasjon og råd.

Krise- og beredskapsleiing  

Kriseleiinga består av:  

  • Ordførar
  • Varaordførar
  • Kommunedirektør
  • Leiargruppa til kommunedirektøren
  • Beredskapsansvarleg
  • Kommuneoverlegen
  • Kommunikasjonsrådgivar
  • Einingsleiar for tekniske tenester
  • ROR-IKT

Det er kommunedirektøren og ordførar som på oppfordring eller eige initiativ kan kalle inn og etablere kriseleiinga, og avgjer kven som skal kallast inn.

For informasjon om psykososialt kriseteam klikk her

Kriseinformasjon og varsling

 

Slik varslar vi deg

Ved viktige beskjedar og i kriser som trugar liv og helse, kan kommunen eller politiet sende ut tekstmelding på mobiltelefon til alle som oppheld seg i det aktuelle området.  

Følg instruksjonane som blir gitt i tekstmeldinga. Du kan ikkje svare på meldinga.

Dette er den vanlegaste måten å varsle på, men det kan ved akutte hendingar likevel være andre varslingsmåtar bli brukt, til dømes nødvarsel på mobil.

Informasjon kan også bli gitt gjennom:

  • Kommunen si nettside
  • Kommunen si Facebook-side
  • Pressa
  • Informasjonspunkt (ved bortfall av straum, og all elektronisk kommunikasjon)

Nødvarsel på mobil (nasjonalt)

Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter. Dersom det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, kan du få eit nødvarsel på mobilen.

Les meir om nødvarsel

 

Tyfonar/sirener (Sivilforsvarets varslingsanlegg)

I Noreg finst det varslingsanlegg med sirener/ tyfonar. Desse gir ulike lydsignal avhenig av hendinga. Sivilforsvaret har ikkje slike varslingsanlegg i Vestnes, men lydsignala kan høyrast andre stader i landet.

Signala betyr:

  • Viktig melding – søk informasjon: Tre seriar med lange tut, med pausar på om lag eitt minutt imellom.
  • Fare for angrep – søk dekning: Korte, raske tut i om lag eitt minutt.
  • Faren er over: Éin lang samanhengande tut i om lag 30 sekund.

Les meir om varsling på sivilforsvaret.no

 

Slik finn du informasjon i ein krisesituasjon

Ved kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang til informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere.

I ei krise bør du søkje informasjon frå styresmaktene sine eigne kanalar og frå redaktørstyrte journalistiske medium som er underlagde Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten. Vi legg ut informasjon på kommunen sine nettsider om kva som har skjedd, kva du bør gjere og korleis du kan få hjelp frå kommunen.

NRK har eit særskilt ansvar for å formidle offisielle meldingar frå styresmaktene. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også dersom andre nyheitsmedium og offentlege nettsider ikkje er tilgjengelege. For å kunne ta imot råd og meldingar via NRK P1 bør du ha tilgang til ein DAB-radio som også går på batteri.

Krisesituasjonar er uoversiktlege, og nokon kan ha eigne interesser av å spreie feilinformasjon, ver ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder.

Eigenberedskap

Alle er ein viktig del av beredskapen i Noreg og kommunen, og det er viktig at du sørgjer for å vere førebudd.

DSB tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke ved kriser. Det er fordi kommunar, naudetatar og frivillige organisasjonar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp.

Om du følgjer råda for eigenberedskap er du rusta til å komme deg gjennom dei fleste kriser, til dømes straumbrot, ekstremvêr eller svikt i forsyninga av vatn og mat.

Les meir om eigenberedskap

Tilfluktsrom

Tilfluktsrom er permanente vernerom som kan redusere omfanget av skadar på befolkninga som følgje av krigshandlingar.

I Vestnes kommune er det åtte offentlege tilfluktsrom.

Les meir om tilfluktsrom

Evakuering

Får du varsel om å evakuere, må du alltid følgje politiet sine instruksjonar. Forlat huset umiddelbart dersom du blir beden om det.

I ein evakuering er du ansvarleg for å ta vare på deg sjølv så langt det er mogleg. Det betyr at alle som kan, må sjølve sørgje for transport, husly og mat.

Tenk gjerne igjennom på førehand kvar du og din familie kan evakuere til. Det kan til dømes vere familie eller kjenningar.

Dette bør du ha med:

  • identifikasjonspapir som pass, førarkort eller ID-kort
  • lommebok, mobiltelefon og lader
  • klede og toalettsaker
  • medisinar som du eller nokon i familien treng
  • utstyr til små barn (bleier, barnemat, tåteflasker, leiker)
  • ein plan for å ta vare på husdyr

Informasjonspunkt ved bortfall av straum og elektronisk kommunikasjon

Veit du kvar du skal gå for å få informasjon eller hjelp frå kommunen dersom alle elektroniske kommunikasjonsmiddel fell bort? Vestnes kommune har fleire informasjonspunkt. Her kan du også komme i kontakt med naudetatane.

Sjå oversikt og meir informasjon om informasjonspunkt 

Atomberedskap

Ved ei atomhending som får betydning for innbyggjarar, vil det komme informasjon om kva tiltak som gjeld og korleis du bør forhalde deg. 

Les meir om atomberedskap

 

Jodtablettar

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik anbefaler at følgjande grupper har jodtablettar heime:

  • personar under 40 år
  • gravide
  • ammande
  • dei som har barn som bur heime  

Tablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulukker, men skal berre takast etter råd frå styresmaktene.

Les meir om jodtablettar  

Beredskapsråd

Vestnes kommune har eit kommunalt beredskapsråd. Kommunane har ei avgjerande rolle i førebygging og handtering av kriser, og regjeringa anbefalar at alle kommunar skal ha, eller vere knytte til, eit kommunalt beredskapsråd.

Kontakt

Frank Skorgenes
Brannsjef/beredskapsansvarleg
Telefon 99 16 97 98