Om tilfluktsrom
Tilfluktsrom er bygde for å kunne gi vern over lengre tid og er utstyrte med mellom anna ventilasjon og vassforsyning.
Det finst både offentlege og private tilfluktsrom:
- Offentlege tilfluktsrom er tilgjengelege for alle som oppheld seg i området.
- Private tilfluktsrom er i hovudsak berekna for personane som bur, arbeider eller oppheld seg i bygget der tilfluktsrommet ligg.
Kommunen har ansvar for vedlikehald av offentlege tilfluktsrom, medan Sivilforsvaret har ansvar for drift og klargjering i ein beredskapssituasjon. For private tilfluktsrom er det eigaren av bygningen som har ansvar for tilfluktsrommet.