Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA)
DSA er fag- og forvaltningsstyresmakt for strålevern, atomsikkerheit, radioaktiv forureining og radioaktivt avfall i Noreg. Dei er og kompetanseorganet for atomsikkerheit i Noreg.
Les meir om DSA på dsa.no
DSA følgjer situasjonen i Ukraina nøye, og vil saman med Kriseutvalet for atomberedskap avgjere kva tiltak som er nødvendige ved ei hending som kan påverke Noreg. Du blir varsla dersom noko skulle skje som påverkar oss og kvardagen vår.