Jodtablettar

Jodtablettar kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulukker. Tablettane skal berre takast etter råd frå styresmaktene.

Atomhendingar

Dersom det skjer ei atomhending, skal du vente til Kriseutvalet for atomberedskap gir råd om å ta jodtablettar.

Ved ei atomhending som får betydning for innbyggjarar, vil sentrale styresmakter gi informasjon om kva som gjeld og korleis du bør forhalde deg.

Det er særleg viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tek jodtablettar dersom styresmaktene rår til det.

Råd om å ta jodtablettar vil ofte bli gitt saman med råd om å halde seg innandørs i inntil to døgn. Derfor er det viktig å ha jodtablettar lagra heime.

Les meir om jodtablettar på dsa.no

Les meir om atomberedskap

Beredskapslager av jodtablettar

DSA tilrår at personar under 40 år, gravide, ammande og husstandar med barn har jodtablettar heime som ein del av eigenberedskapen.

Alle barnehagar og skular i Vestnes kommune har jodtablettar til barn og elevar dersom det skulle oppstå ei atomhending.