Dette bør du ha heime
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke ved ei krise.
Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mistar til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Med eit lite reservelager er du betre rusta til å klare deg sjølv dersom noko skulle skje.
Dette anbefaler DSB at du har heime:
- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker
- Mat som toler lagring i romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøken.
- Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna for innandørs bruk, er eit alternativ til vedfyring.
- Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.
- Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
- Batteri og oppladd batteribank.
- Litt kontantar og fleire betalingskort.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes nødnummer, legevakt, veterinær, familie, vener og naboar
Hugs at nokre førebuingar er betre enn ingenting. Har du ikkje alt på plass i dag, kan du starte med det viktigaste, og bygge opp beredskapslageret etter kvart.
Les meir om eigenberedskap på dsb.no