Strategisk kompetanseplan

3 Overordna mål frå kommuneplan og styringsdokument

3.1 Krav til kompetanse

Kommuneplanen sin samfunnsdel er Vestnes kommune sitt overordna styringsdokument og skal innehalde mål og strategiar for ei berekraftig og langsiktig utvikling av kommunen.

Den strategiske kompetanseplanen inneheld føringar for korleis Vestnes kommune skal arbeide med kompetanse for å sikre at vi nyttar rett teneste til rett tid med rett kompetanse. Kompetanseplanen skal bidra til at kommunen mobiliserer, utviklar, skaffar og avviklar kompetanse på prioriterte område på bakgrunn av overordna mål og på tvers av sektorar og tenester.

Hovudområda vil vere kompetanseutvikling, rekruttering av rett kompetanse samt digitalisering.

Alle våre kompetansetiltak skal vere forankra i kommunen sin arbeidsgjevarstrategi  der felles visjon, verdigrunnlag og etisk standard gir ramme for kommunen som organisasjon. Kommunen sine verdiar skal kjenneteikne kommunen som organisasjon og skal prege kommunen sine haldningar og praksis.  

Vestnes kommune vil leggje vekt på følgjande:

  • Leiarutvikling på alle nivå i organisasjonen
  • Kompetanseutvikling som skal bidra til resultat og måloppnåing
  • Mobilisering av kompetanse ved å ta i bruk potensialet i den einskilde medarbeidar
  • Utviklingstiltak med fokus på korleis nyttiggjere ny kompetanse
  • Teknologi og tenesteutvikling
  • Informasjonssikkerheit

Leiarutvikling er ein av hovudoppgåvene innan kommunen sin kompetansebygging med fokus på systematisk og målretta styrking og utvikling av heilskapleg leiing. Kommunale leiarar på alle nivå skal ha kunnskapar og ferdigheitar for å  utøve leiarrolla i den komplekse organisasjonen som ein kommune er.

Leiarar skal ha forståing i forhold til generelt behov for informasjonssikkerheit og  kompleksitet og gjensidig avhengigheit av anna struktur.  Leiarar skal bidra til å fremme ein sikkerheitskultur der leiarar og medarbeidarar har kunnskap om si eiga rolle som ein digital aktør i eit nettverk og har forståing for sikkerheitstiltak i forhold til informasjonssikkerheit.

Det er særskilt mangel på arbeidskraft innan pleie- og omsorg samla sett nasjonalt. Dette gjeld også for Vestnes kommune. Framtidige berekningar viser også mangel på denne arbeidskrafta.

Lokalt er det også ein viss mangel på kompetanse og arbeidskraft i skulesektoren medan barnehagesektoren lokalt har dekt opp kompetansebehovet i forhold til pedagognormen.

Kommunen skal yte tenester til innbyggarane med rett standard til lågast mogleg kostnad. Teknologi får stadig større betydning som verktøy for omstilling, effektivisering, kvalitetsheving og brukarorientering i offentleg sektor og systema er gått frå å vere støttesystem til å bli driftskritiske system. Det er behov for auka systemforståing og auka forståing av endringar i samhandling og oppgåveflyt.