Strategisk kompetanseplan

4 Kva er kompetanse?

4.1 Kompetanseomgrepet – kva forstår vi med kompetanse

«Kompetanse er de samlede kunnskaper, ferdigheter, evner og holdninger som gjør det mulig å utføre aktuelle funksjoner og oppgaver i tråd med definerte krav.» (Linda Lai)

Kompetanseomgrepet har fire komponentar: kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar. Kompetanse er nyttig kunnskap, utvikling av ferdigheiter og bruk av desse i arbeidet. Kompetanse er også avlæring av gamle haldningar og læring av nye. Kompetanse er både den eksplisitte og den tause kunnskapen, med andre ord medarbeidaren sin evne til å løyse ei oppgåve og nå eit mål.

   

  1. Kunnskapar er når ein kan vite, når ein har innsikt og når ein gjer bruk av tileigna kunnskap til å løyse oppgåvene.
  1. Ferdigheiter er knytt til handling og evne til å handle på ein bestemt måte. Ferdigheiter handlar om det som vi kan gjere i praksis, manuelt eller analytisk.
  1. Evner er den einskilde medarbeidar sine personlege eigenskapar og talent. Den einskilde sine ibuande anlegg og kapasitet.
  1. Haldningar er meiningar, tru, vilje og innstilling. Haldningar er personlege og profesjonelle verdiar som ligg til grunn for våre handlingar.

Kompetanse har først verdi når den kjem brukaren til nytte

   

4.2 Kompetanseleiing

Strategisk kompetanseleiing er planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak for å sikre at kommunen har og nyttar naudsynt kompetanse for å nå på førehand definerte mål. 

Kompetanseplanen byggjer på KS sin mal for strategisk kompetanse og professor i organisasjonspsykologi, Linda Lai si forsking. Modellen under viser strategisk kompetanseleiing som ein kontinuerleg prosess.

   Linda Lai (2004)