Strategisk kompetanseplan

1 Innleiing

Strategisk kompetanseplan er eit styringsdokument som skal gi føringar for kompetansearbeidet i kommunen. I tillegg skal kompetanseplanen bidra til at kommunen mobiliserer, utviklar og skaffar rett kompetanse på prioriterte område som følgje av vedtekne mål og føringar. På denne måten vil vi kunne yte treffsikre tenester.

Strategisk kompetanseplan er ein del av kommunen sin arbeidsgjevarstrategi og byggjer på verktøy for strategisk kompetanseplanlegging som er utvikla av KS i samarbeid med Linda Lai.

Rett teneste til rett tid med rett kompetanse

Å nytte eksisterande kompetanse direkte i tenestene er kommunen sin viktigaste ressurs. Denne kompetansen bidreg til verdiskaping når den blir nytta og kjem innbyggjarane til gode. Kommunen treng kompetanse som til ein kvar tid er rett i forhold til samfunnsoppdraget vårt.

Med denne planen ønskjer vi å peike på dei behova som kommunen vil kome til å møte og som manglar eller må mobiliserast. Den demografiske utviklinga syner at kommunen kjem til å ha ei aukande eldre befolkning. I tillegg til fleire eldre, meir ressurskrevjande tenestemottakarar og lågare fødselstal, vil spørsmålet om korleis kompetansen kan nyttast, vere viktig både av omsyn til kvalitet og ressursbruk. Tiltak retta mot psykisk helsearbeid og rus vert i stadig større grad lagt til kommunane.

Kan tenestetilbodet innrettast på andre og meir innovative måtar? Kan det tenkjast at ein ved å nytte meir innovativ tenking i velferdstenestene både kan styrke den einskilde sine ressursar og skape meir berekraftige tenester på sikt? Kommunen har fleire prosjekt som gir høve til nyskaping og nytenking om velferdstilboda.

Ufaglærde skal prioriterast ved tilbod om kompetanseheving, internundervisning i kommunen eller formell utdanning.

Kompetanse er nøkkelen til kvalitet

I HTA § 3.3 og HA § 6 er det presisert at arbeidsgjevar har ansvar for å kartleggje dei tilsette sin kompetanse og analysere kommunen sitt kompetansebehov. Vidare skal det utarbeidast ein plan for gjennomføring av kompetansehevande tiltak sett i samanheng med behov for kompetanseheving, strategisk kompetanseplan og dei einskilde einingane sin personal- og bemanningsplan. Kompetanseplanane skal syne behov for opplæring gjennom kvalifikasjonskrav, bemanningsbehov og tenestene sitt behov for kompetanse.

Ved å satse på kompetanseheving og utvikling, erfaringslæring og deling, leiing og medarbeidarskap vil kommunen kunne skape både gode framtidsretta tenester og vere ein attraktiv arbeidsgjevar.

Vestnes kommune ønskjer å vere ein lærande organisasjon som legg til rette for læring og utvikling og at arbeidsplassen er ein viktig lærings- og utviklingsarena. Kommunen ønskjer å ha fokus på læring og utvikling både på individnivå og på organisasjonsnivå.

 

«Å være kompetent er å være i stand til å møte dagens og morgendagens oppgaver og krav.» (Linda Lai 2012)

 

Samandrag

Formålet med ein overordna strategisk kompetanseplan for heile kommunen er å bidra til at kommunen sine tenester tek i bruk og utviklar kompetanse på dei områda som skal prioriterast og i tråd med mål og føringar for tenestene.

Den demografiske utviklinga syner at talet på eldre aukar i kommunen, samstundes som talet på yrkesaktive går ned. Det same gjer fødselstalet. Det blir færre skattebetalarar pr. innbyggjarar. Behovet for helsefagleg personell vil vere aukande og strategiar for å behalde og rekruttere kompetanse vil vere avgjerande for å møte framtidige behov.

Prioriterte satsingsområde innan dei ulike sektorane går fram av den einskilde sektor/eining sin  kompetanseplan og tek utgangspunkt i sentrale og lokale styringsdokument.

Med utgangspunkt i desse er det utarbeidd sentrale felles mål for kommunen sine tenester;

 

1) Tilby rett teneste til rett tid med rett kompetanse

2) Effektivisere og kvalitetssikre tenestene med betre bruk av IKT,

3) Styrke leiarkompetansen gjennom leiarutviklingsprogram,

4) Styrke samhandling internt og mellom tenestenivå

5 )Styrke nærværet gjennom systematisk arbeid med IA og HMS    

6) Styrke omdømet som ein attraktiv arbeidsplass gjennom fokus på medarbeidarskap og meistringsorientert leiing.

 

Kvalitetsmåla stiller krav til fagutvikling og kompetanseheving internt i tenestene, frå iverksetting av kurs og internundervisning til prosjektbaserte tiltak, tilbod til lærlingar, rettleiing, refleksjonsgrupper, miniseminar, fagutdanning til helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar, barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning, samt vidare- og etterutdanning.

Kompetanseomgrepet har fleire komponentar og kan definerast på mange måtar. Her har vi nytta definisjonen til Linda Lai:

” Kompetanse er de samlede kunnskaper, ferdigheter, evner og holdninger som gjør det mulig å utføre aktuelle funksjoner og oppgaver i tråd med definerte krav.” (Linda Lai)