Strategisk kompetanseplan

7 Plan for evaluering av kompetansetiltak

Frå 2019 vert overordna strategisk kompetanseplan implementert i organisasjonen. Planen er ikkje ”ferdig” i den forstand at den skal vere eit levande dokument og eit reiskap i arbeidet med å styrke kompetansen i heile organisasjonen.

Systematisk evaluering av konkrete tiltak er naudsynt for å kunne ha grunnlag for å vurdere kva effektar dei ulike tiltaka har hatt. Evaluering er ikkje ein tilleggsaktivitet, men ein naudsynt,  og avgjerande del av den strategiske kompetanseplanen.

Kompetanseutvikling i Vestnes kommune skal vere strategisk forankra i organisasjonen for å sikre at det ikkje vert utilsikta og negative effektar. Kompetanse er den viktigaste faktoren for å nå overordna mål. Evaluering av tiltak kan skje på fleire måtar som evaluering i samband med årsmelding og økonomiplan, rullering av kompetanseplan, skriftleg evaluering etter gjennomførte tiltak, brukarundersøkingar, eksamen/testar, oppfølgingssamtalar eller medarbeidarsamtalar.

 

Kirkpatricks (1959) evalueringsmodell kan nyttast som ein mogleg evalueringsmodell

Kompetanseplan - 7 Plan for evaluering av kompetansetiltak
NIVÅ SPØRSMÅL EKSEMPEL PÅ METODE
REAKSJONAR I kva grad var deltakarane tilfreds med tiltaket? Medarbeidarsamtale/ medarbeidarundersøking
LÆRING Kva for kompetanse har deltakarane tileigna seg som følgje av tiltaket? Praktiske evalueringar, skriftlege testar
BRUK I kva grad vert tileigna kompetanse nytta i praksis? Måling av praksis før og etter tiltak
NYTTE I kva grad har tiltaket gitt samla organisatorisk nytte i forhold til overordna mål? Måloppnåing Brukartilfredsheit