NæringstomterVi har for tida næringstomter til sals på Vik industriområde (Trohaugen), Skorgenes industriområde og Misfjordskogen næringsområde.Nokre av tomtene har allereie definerte avgrensningar, medan andre tomter kan tildelast etter ønska storleik. Prisane på tomtene er fastsett pr. m², og er som hovudregel blitt vedtekne med utgangspunkt i utbyggingskostnadene for dei enkelte felta. TildelingsreglarDet er utarbeidd eigne tildelingsreglar for sal av næringstomter. (PDF, 41 kB) Det er eit mål at tildeling av næringstomter skal ha positiv effekt på sysselsetting og verdiskaping i kommunen. Reglane er meint å skape gode rutinar ved tildeling av både nye og eksisterande næringstomter. Nedanfor har vi lista opp nokre av vilkåra ved sal av næringstomter:Søknaden skal vere skriftleg og innehalde relevante opplysningar.Ved førstegongs utlysing av nye tomter vert det i kvart enkelt tilfelle presentert ein eigen søknadsfrist.Øvrige tomter selgast etter prinsippet om «først-til-mølla».Tomta skal bebyggast innan 3 år. Om ikkje dette vert oppfylt har kommunen ein tilbakekjøpsrett.Tomtene vert seld med veg, vatn og avløp fram til tomtegrensa.Tomtene vert som hovudregel seld med ein fast m²-pris. Dersom det ved utlysing kjem inn fleire søknader på same tomt og alle søkarane oppfyller søknadsvilkåra, blir tildeling gjort av etter ei politisk vurdering , eller eventuelt 1 bodrunde.Tomtesøkaren skal som hovudregel vere eit firma eller registrert føretak.Kjøpar plikter å gjere seg kjent med reguleringsføresegnene for området der tomta ligg.Ved kjøp av næringstomt er det utarbeidd standard kjøpekontrakt. (PDF, 81 kB)Oversikt over ledige industritomter Misfjordskogen (PDF, 283 kB) Vik industriområde (Trohaugen) Skorgenes industriområdePrisar næringstomter Priser næringstomt Tomtefelt Størrelse Tomtepris (pr. kvm) Misfjordskogen Industriområde ca 3 - 13 dekar kr. 250 (uopparbeidd grunn) Vik Industriområde (Trohaugen) ca 5 - 50 dekar kr. 125 (uopparbeidd grunn) Skorgenes industriområde ca 3 - 7 dekar kr. 200 (ferdig planert) Felles for alle tomtene:I tillegg til m²-prisen kjem kostnader til frådelings-/oppmålingsgebyr, dokumentavgift og tinglysingsgebyr.Tilknytingsavgift for vatn i privat vassverk kjem i tillegg.Tilknytingsavgift for elektrisitet kjem i tillegg. Sist endra 06.06.2025 12.02