Næringstomter på Skorgenes industriområde til sals

Vestnes kommune har næringstomter til sals på Skorgenes industriområde. Totalt ca. 7,6 daa

Skorgenes industriområde ligg sentralt plassert mellom Ålesund, Molde og Åndalsnes, med umiddelbar nærleik til E39/E136 (eksportvegen), annan etablert næringsverksemd og ca 6 km frå Vestnes sentrum. Reguleringsplan for området blei vedtatt i 2006. 

Gjeldande reguleringsføresegner. 

Vestnes kommune har eit areal på ca 7,6 daa ferdig planert industriområde på Skorgeneset som er klart for sal. Arealet kan delast i to tomter, men det er også aktuelt å selje arealet som ei tomt.
Ved interesse for kjøp må det sendast søknad til Vestnes kommune. Det er berre skriftlege søknader som vert vurdert. Ved søknad og sal av tomta gjeld dei vedtekne tildelingsreglane (PDF, 41 kB) for næringstomter i Vestnes kommune. 

Pris er sett til 200,-/m²

  • I tillegg til m²-prisen kjem kostnader til frådelings-/oppmålingsgebyr, dokumentavgift og tinglysingsgebyr
  • Tilknytingsavgift for vatn i privat vassverk kjem i tillegg.
  • Tilknytingsavgift for elektrisitet kjem i tillegg.

Det må i søknaden gå fram kva firma som søkjer og kva formål søkjaren har for tomta. I tillegg må det opplysast om forventa byggestart og framdriftsplan.

Søknadsfrist vert sett til 22.08.2025. Søknad sendast enten pr. epost til postmottak@vestnes.kommune.no eller pr. post til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes. 

Eventuelle spørsmål kan rettast til kommunalsjef samfunn og samskaping, Helene Øvrelid på e-post helene.ovrelid@vestnes.kommune.no.