Næringstomter på Trohaugen til salsPå Trohaugen (Vik industriområde i Tomrefjord) har Vestnes kommune fleire næringstomter til sals. Totalt ca. 90 daaTrohaugen (Vik industriområde) ligg sentralt plassert i fylket ved fylkesveg 661 ved Tomrefjord i Vestnes kommune. Området ligg ca. 8 km frå Vestnes sentrum, E39 og E136. Reguleringsplan for området blei vedtatt i 2007. Gjeldande reguleringsføresegner. Det er opna for kjøp av heile arealet eller mindre parsellar. Reguleringsplanen sett krav om minsteareal på 5.000 m². Kommunen vil foreta endeleg tomtedeling etter ei vurdering av som sikrar mest muleg rasjonell utnytting av arealressursane.Ved interesse for kjøp må det sendast søknad til Vestnes kommune. Det er berre skriftlege søknader som vert vurdert. Ved søknad og sal av tomta gjeld dei vedtekne tildelingsreglane (PDF, 41 kB) for næringstomter i Vestnes kommune. Pris er sett til 125,-/m²I tillegg til m²-prisen kjem kostnader til frådelings-/oppmålingsgebyr, dokumentavgift og tinglysingsgebyrTilknytingsavgift for vatn i privat vassverk kjem i tillegg.Tilknytingsavgift for elektrisitet kjem i tillegg.Det må i søknaden gå fram kva firma som søkjer og kva formål søkjaren har for tomta. I tillegg må det opplysast om forventa byggestart og framdriftsplan.Søknadsfrist vert sett til 22.08.2025. Søknad sendast enten pr. epost til postmottak@vestnes.kommune.no eller pr. post til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes. Eventuelle spørsmål kan rettast til kommunalsjef samfunn og samskaping, Helene Øvrelid på e-post helene.ovrelid@vestnes.kommune.no. Sist endra 27.05.2025 09.59