Aktivitetstilbod - dagsenterKommunen har ulike tilbod som er retta mot personar som kan ha behov for aktivisering og sosial kontakt, eller for å komme seg ut av ei isolert tilvære i heimen. Tilboda kan også vere ei avlastning for pårørande med stort omsorgsarbeid. Kva kan vi tilby? Våre aktivitets- og dagtilbod: Dagsenteret på Aktivitetssenteret Målgruppa er eldre heimebuande personar Tilbodet er behovsprøvd Tilbodet inneheld ulike aktivitetar, sosialt samvær og underhaldning Det blir servert frokost og middag som kvar enkelt betalar sjølv. Rekning blir sendt ein gong i månaden. Sjå kommunen sine betalingssatsar (Måltid ved aktivitetstilbod - dagsenter) Sentrum dagsenter Målgruppa er eldre heimebuande personar med demens Tilbodet er behovsprøvd Brukarane blir henta og bringa i drosje Tilbodet inneheld ulike aktivitetar, sosialt samvær og underhaldning Det blir servert frokost og middag som kvar enkelt betalar sjølv. Rekning blir sendt ein gong i månaden. Sjå kommunen sine betalingssatsar (Måltid ved aktivitestilbod - dagsenter) Myra aktivitetssenter Målgruppa er personar med utfordringar knytt til psykisk helse, rus eller andre samansette utfordringar. Tilbodet er eit lavterkseltilbod. Tilbodet inneheld ulike aktivitetar, sosialt samvær og utflukter. Det blir laga lunsj og middag som kvar enkelt betalar sjølv. Sjå kommunen sine betalingssatsar (Måltid ved aktivitestilbod - dagsenter) Les meir om Myra aktivitetssenter her. Dagsenteret Strandbo Målgruppa er personar med utviklingshemning Tilbodet er behovsprøvd Tilbodet inneheld ulike aktivitetar og sosialt samvær Les meir om Dagsenteret Strandbo her. Slik søker du Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her. Slik klager du Les meir korleis du klager på helse- og omsorgstenester her. Regelverk Dette er eit kommunalt servicetilbod som ikkje er ei lovpålagt teneste. Sist endra 11.10.2023 07.17