Dersom klagen er retta mot eit vedtak eller ei anna avgjerd, vil Tildeling og koordinering ta saka til ny vurdering og gå gjennom vedtaket på nytt. Dersom du får medhald i klagen, får du eit nytt skriftleg vedtak.
Når kommunen heilt eller delvis avslår ein søknad om helse og omsorgstenester, skal dei følgje reglane i forvaltningsloven om enkeltvedtak. «Enkeltvedtak» er eit juridisk omgrep som viser til at innhaldet i vedtaket avgjer rettar eller plikter til den som søker om å få tildelt ei teneste. Reglane i forvaltningsloven krev mellom anna at eit enkeltvedtak til vanleg skal vere skriftleg, og ha ei grunngjeving som på ein forståeleg måte forklarer kva reglar som gjeld på området og kva for faktiske forhold som har vore avgjerande for resultatet.
Om vedtaket eller avgjerda ikkje blir endra, blir klagen, saman med kommunens første saksutgreiing og kommentarar til klagen sendt vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd.
Dersom klagen gjeld kvaliteten på tenesteytinga, som til dømes feil eller uverdig behandling, manglande brukarmedverknad eller informasjonssvikt frå tenesteytaren/helse- og omsorgstenesta, kan den personen saka gjeld, eller ein representant for han eller henne, sende saka direkte til Statsforvaltaren for vurdering av eit mogeleg pliktbrot. Slike saker blir oftast vurdert som mogeleg brot på helsepersonelloven, som er lova der dei fleste pliktene til helsepersonell står samla.
Om du ikkje får medhald frå Statsforvaltaren, kan du eventuelt sende saka til Sivilombodet. Sivilombodet tar opp nokre få slike saker, særleg saker som kan ha prinsipiell interesse.
Lenke til informasjon om korleis du kan klage til Sivilombodet