Butenesta for utviklingshemmaOmsorgen for menneske med utviklingshemming er relativt stor i Vestnes kommune. Sentralinstitusjonen Hellandheimen for psykisk utviklingshemma var plassert på Myra i Helland sentrum.Denne institusjonen vart avvikla på byrjinga av 1990-talet. Mange av dei som budde på institusjonen valde å bli buande i Vestnes kommune. Dette er grunnen til at det bur ein større del av utviklingshemma i kommunen, forhold til kommunestorleiken. Dei som budde på Hellandheimen får no tenester og omsorg frå Vestnes kommune. ButilbodDei fleste personane med utviklingshemming i kommunen leiger husvære av Vestnes kommune. Nokre eig bustad sjølv. Dei fleste kommunale bustadane er samlokaliserte og har tilgang på personal heile døgnet.Etterkvart som personar med utviklingshemming vert eldre, har Vestnes kommune tilbod om sjukeheimsplass til dei som treng det. Ivartun er ein sjukeheim med 12 plassar for eldre med psykisk utviklingshemming.Omsorg og oppfølging er tilpassa funksjonsnivået til den enkelte. BueiningarHer finn du kontaktinformasjon til alle bueiningane. Slik søker duLes meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her.Slik klager duLes meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.RegelverkLov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Lov om vergemål (vergemålsloven) Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetjenesteloven) Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator Rettssikkerhet ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personer med psykisk utviklingshemming - (Rundskriv IS-10/2015) Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA) (Rundskriv I-9/2015) Brukerstyrt personlig assistanse (Rundskriv I-20/2000) Sist endra 05.02.2024 14.45