Brukerstyrt personlig assistanse (BPA)Målet med ordninga er å bidra til at personar med stort bistandsbehov får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga. Kven kan få BPA? BPA er ein alternativ måte å organisere personleg bistand (personleg assistanse) for personar med nedsett funksjonevne og fortrinnsvis stort bistandsbehov, både i og utanfor heimen. Krav til søker Du må fylle vilkåra i pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 a annet ledd, det vil sei at det er nødvendig med helse- og omsorgstenester. Du må ha et langvarig (over 2 år) og stort behov for personlig assistanse. Du må vere under 67 år. Det er i utgangspunktet ei forutsetning at tenestemottakar både ønskjer å påta seg det ansvaret arbeidsleiarrolla inneber, og at vedkomande har forutsetning for å ivareta denne rolla på eine forsvarleg måte. Dersom tenestemottakar sjølv ikkje kan vere arbeidsledar, kan arbeidslederrolla ivaretakast av nokon som kjenner tenestemottakar godt. Alternativt kan BPA organiserast av kommunen sjølv eller leverast av ein privat aktør som påtek seg å drifte ei BPA-ordning. Kva kan du få? Du får ein eller fleire assistentar som gir deg praktisk hjelp i kvardagen. Tenester som krev medisinsk fagleg kompetanse skal normalt ikkje inngå i tildelinga av BPA. Det er gjort unntak for tenester som krev fleire enn ein tenesteytar til stades. Slik søker du Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her Kva kostar det? Kommunen kan kreve vederlag for helse- og omsorgstenester frå pasient og brukar når det følgjer av lov eller forskrift, og eigenandel for BPA følger denne forskrifta. Sjå kommunen sine betalingssatsar her. Slik klager du Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her. Regelverk Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) Rundskriv fra Helse- og omsorgsdepartementet - BPA (PDF, 69 kB) Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA) (PDF, 172 kB) Brukerstyrt personlig assistanse. Rundskriv til lov om sosiale tjenester mv. (PDF, 151 kB) Sist endra 15.06.2022 15.09