Offentleg ettersyn: Melding om oppstart av reguleringsarbeid og høyring av planprogram - Furnes Masseuttak

Tomra Maskin AS gir med dette i samsvar med plan- og bygningslova §12-8, melding om at følgjande reguleringsarbeid er sett i gang: Detaljregulering for Furnes Masseuttak, PlanID 0164.

Området ligg vest for Furnes Fergekai, kor det i dag er eit masseuttak.

Illustrasjon av Furneset Masseuttak - Klikk for stort bilete Bakgrunn

Det er Consilium AS ved Erik Stabell Ludvigsen som er plankonsulent på vegne av tiltakshavar Tomra Maskin AS. Grunneigar er i hovudsak Nikoline Stokkeland på Vestnesgarden, men også Statens vegvesen (E39) er berørt. Det har vore drift i masseuttaket ved Furneset sidan 1995 og målet med reguleringsplanen er å sikre ein langsiktig forvaltning av forekomsten. Planområdet omfattar om lag 500 daa, medan sjølve masseuttaket omfattar vel 200 daa og eit uttak på over 2 mill. m3. Omfanget utløyser automatisk krav om konsekvensutgreiing.

Planprosessen starta i 2007 med Sikho AS som konsulent. Arbeidet stoppa opp i 2012. Aktuelt areal vart i 2015 vedtatt lagt inn i kommuneplanen sin arealdel, slik at planlagt tiltak er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Manglande framdrift i planarbeidet kjem i stor grad av uavklarte planer for E39 og ferjekaia. Seinare har covid-19 gitt ytterlegare forseinking. Tiltakshavar har no beslutta å starte opp att planarbeidet.

I samråd med Vestnes kommune vart det først konkludert med å vidareføre arbeidet med bakgrunn i tidlegare varsel. Etter råd frå Statsforvaltaren og ettersom det er lenge sidan opprinneleg oppstart, blir det med dette sendt ut nytt varsel om restart av planarbeidet.

 

Høyring og offentleg ettersyn

Reguleringsplanen skal legge grunnlaget for ei videreføring av denne verksomheita. Planoppstart blei først varsla i 2007, då for eit vesentleg større område. Planlagt uttak ligg på gnr. bnr. 51/1. Adkomst til område er frå gnr. bnr. 51/455.

Planområdet er i gjeldande kommuneplan avsatt til råstoffutvinning.

Planen sitt omfang utløyser automatisk eit krav om konsekvensutgreiing.

Forslag til planprogram for ovennevnte plan er sendt på høring og blir lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12-9. Melding om planoppstart og planprogram finn ein under her. Her finn ein også planinitiativ og referat frå oppstartsmøte.

Berørte offentlege myndigheiter og organisasjonar, berørte naboar, samt grunneigarar, vil få eigen melding.

Frist for merkander

Merknader kan sendes innan 27. april 2022 til: erik@cons.no, eller til Consilium AS, Eindrides veg 34, 7227 Gimse.

Merknader kan foruten til Consilium AS, sendes til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes, eller helst pr. e-post til postmottak@vestnes.kommune.no

Dokument i saka

Planstartvarsel annonse (PDF, 56 kB)  
Annonse følgeskriv (PDF, 56 kB)  
Planprogram (PDF, 638 kB)  
Driftsplan beskrivelse 2022 (PDF, 2 MB)  
Vedlegg1 Oversikt 50000 (PDF, 612 kB)  
Vedlegg3 Tillatelse til drift (PDF, 535 kB)  
Vedlegg4 Geologi Ngu (PDF, 3 MB)  
Vedlegg5 Eiendomskart 5000 (PDF, 40 kB)  
Vedlegg6 Driftskart (PDF, 2 MB)  
Vedlegg9 DriftsPlan Nytt Etappe2 (PDF, 991 kB)  
Vedlegg8 DriftsPlan Nytt Etappe1 (PDF, 2 MB)  
Vedlegg7 DriftsPlan Eksist (PDF, 2 MB)  
Vedlegg10 DriftsPlan Tilbakest (PDF, 2 MB) 
Vedlegg11 PlottSnitt (PDF, 279 kB)