No kan du vere med og påverke korleis vi i Vestnes kommune kan leggje betre til rette for pårørande og familiar med store omsorgsoppgåver. Den digitale idédugnaden er open for alle som ønskjer å bidra med erfaringar, refleksjonar eller forslag til løysingar.
Svar på undersøkinga
Vi håpar du tek deg tid til å dele dine tankar og erfaringar. Saman kan vi bidra til å utvikle gode og berekraftige løysingar.
Om spørjeundersøkinga
Spørjeundersøkinga er ein del av prosjektet Helse og velferd på veg mot 2040, eit regionalt samarbeid mellom Vestnes kommune og kommunane Aukra, Hustadvika, Rauma, Kristiansund og Molde. Målet med prosjektet er å byggje kunnskap og utforske løysingar på korleis kommunane kan møte framtidige behov innan helse og velferd.
Denne digitale idédugnaden handlar om korleis vi saman kan skape eit lokalsamfunn som gir betre støtte til pårørande og familiar med krevjande omsorgsoppgåver. Innspela vil vere ein viktig del av grunnlaget for arbeidet vidare.
For å lykkast er vi avhengige av innspel frå ulike perspektiv. Vi ønskjer derfor erfaringar, refleksjonar og idear frå så mange som mogleg. Innspela vil bidra til vidare planlegging og utvikling av framtidas helse- og velferdstenester.
Undersøkinga er anonym, og vi samlar ikkje inn opplysningar som kan knytast til deg.
Om prosjektet Helse og velferd på veg mot 2040:
Prosjektet skal gi kommunane meir kunnskap om korleis vi kan møte framtidige utfordringar innan helse og velferd. Gjennom fleire dialogmøte utforskar innbyggarar, tilsette og politikarar ulike tema som blir viktige i åra framover.
I lista under har vi samla lenkjer til prosjektet si nettside og innhald vi tidlegare har publisert om arbeidet: