Dei fleste av oss vil, på eit tidspunkt i livet, ha behov for bidrag frå helse- og velferdstenestene. Det kan vere som eldre med ønskje om å bu heime lengst mogleg, som pårørande, eller som forelder til barn og unge som treng ekstra oppfølging. Då er det avgjerande at hjelpa er tilgjengeleg, trygg og relevant, også i framtida.
– Vi veit at behova vil auke, samstundes som vi blir færre og rammene blir trongare. Vi planlegg no, medan vi framleis har handlingsrom, seier kommunedirektør Audhild Mork.
Kommunedirektør Audhild MorkDifor har Vestnes, saman med kommunane Aukra, Hustadvika, Kristiansund, Molde og Rauma gått saman i utviklingsarbeidet Helse og velferd – på veg mot 2040.
– Utfordringane vi står i, er felles, og det gjeld også løysingane. Gjennom regionalt samarbeid får vi eit betre grunnlag for å prioritere rett og utvikle meir berekraftige tenester enn vi ville klart kvar for oss.
– Målet er ikkje å finne éi rask løysing, men å leggje grunnlaget for eit langsiktig endringsarbeid. Vi må prioritere tydelegare, samarbeide betre og bruke ressursane våre klokare.
Arbeidet er støtta av GassROR IKS, og har også fått støtte gjennom Stimulab-ordninga, som skal bidra til innovasjon i offentleg sektor.
Skal utviklast i dialog med innbyggarane
Ein viktig del av arbeidet fram mot 2040 er at løysingane ikkje berre blir utvikla internt i kommunane.
– Skal vi ta gode og ansvarlege val for framtida, må vi samarbeide tettare med innbyggarane og lokalsamfunnet. Difor vil dialog med innbyggarar, tilsette, frivillige, helseføretak og andre sentrale aktørar vere ein viktig del av dette arbeidet.
Kommunane vil i tida framover leggje til rette for ulike former for involvering, der innbyggarar, tilsette og beslutningstakarar får høve til å bidra med erfaringar, perspektiv og refleksjonar. Dette skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for dei prioriteringane som må gjerast.
Ein sentral del av dette er ein deliberativ medverknadsmetode, der desse gruppene får tid og støtte til å setje seg grundig inn i ei sak, drøfte ho over tid og vurdere ulike perspektiv før dei kjem med konkrete, gjennomførbare anbefalingar.
Desse er dei som skal gjennomføre den deliberative metoden i Vestnes, frå venstre: Casper Kanestrøm, Linda Gravem, Anna Kristin Villa og Birgit Vollen
– Skal kommunen greie å møte behova for helse- og velferdstenester i framtida, må vi våge å ta dei krevjande samtalane og i fellesskap finne betre måtar å nytte dei felles ressursane på, avsluttar kommunedirektøren.