Inviterer innbyggarar inn i arbeidet med framtidas pårørandestøtte

Korleis kan vi saman styrkje pårørande i Vestnes? 

Det er spørsmålet Vestnes kommune no inviterer innbyggarane til å utforske gjennom prosjektet Helse og velferd - på veg mot 2040. Om kort tid vil eit tilfeldig utval innbyggarar motta ein invitasjon til dialogmøte i si digitale postkasse.

Pårørande gjer ein enorm innsats kvar einaste dag. Dei er foreldre, ektefellar, barn, søsken og vener som stiller opp for nokon dei er glade i. Samtidig veit vi at mange opplever at ansvaret kan vere tungt å stå i over tid. Derfor ønsker vi å invitere innbyggarar inn i ein viktig samtale om kva som skal til for å styrke sikkerheitsnettet rundt dei.

Ein ny måte å å jobbe med medverknad på

Arbeidsforma skil seg frå tradisjonelle høyringar, innspelsmøte og innbyggardialog. Deltakarane skal saman sjå etter konkrete løysingar som kan styrke samspelet mellom kommunen og lokalsamfunnet.

Vi prøver ut ei arbeidsform som ikkje er brukt før, der innbyggarane ikkje berre blir spurde om innspel, men får vere med å utforske utfordringar og dilemma saman med tilsette og folkevalde.

Dette er første steg i ein større medverknadsprosess. Etter det første dialogmøtet blir heile Vestnes invitert til ein digital idédugnad, før deltakarane møtest igjen for å utforske og konkretisere moglege løysingar. 

Kven støttar dei som støttar andre?

I Vestnes handlar samtalen om korleis vi kan bli eit betre lag rundt pårørande til menneske med samansette behov. Dialogmøta er ein del av prosjektet Helse og velferd – på veg mot 2040, der kommunane i regionen utforskar korleis vi kan møte framtidas utfordringar innan helse og velferd.

Bakgrunnen er fleire utviklingstrekk som påverkar både kommunar og innbyggarar. Fleire lever lenger med samansette helseutfordringar, pårørande får ofte større ansvar for koordinering og oppfølging, og mange opplever å ha færre rundt seg å dele belastninga med enn tidlegare.

Har du fått invitasjon fra oss?

Ønskjer du å delta, må du registrere deg gjennom knappen eller QR-koden i brevet du har fått. Det er plass til 12 innbyggarar i panelet, og plassane blir tildelte fortløpande etter kvart som folk registrerer seg. Vi tek kontakt med dei som får plass.

Deltaking er sjølvsagt frivillig. Dersom du ikkje ønskjer å delta, kan du berre sjå bort frå meldinga.

I brevet finn du kontaktinformasjon dersom du har spørsmål om panelet eller treng hjelp med registreringa.

Les meir om prosjektet Helse og velferd - på veg mot 2040

Vil du vite meir om bakgrunnen for innbyggarpanelet og arbeidet med framtidas helse- og velferdstenester? Les meir i lenkene under.

Om prosjektet Helse og velferd - på veg mot 2040

Korleis skal vi saman sikre helsetenestene for framtida?