Helse og velferd - på veg mot 2040

Behovet for helse- og velferdstenester vil auke i åra som kjem, samstundes som tilgangen på arbeidskraft og økonomiske ressursar blir mindre. Dette er ei utvikling som rører heile landet, og også Vestnes og regionen vår. 

For å møte desse endringane har Vestnes kommune, saman med kommunane Aukra, Hustadvika, Kristiansund, Rauma og Molde, starta det regionale utviklingsarbeidet «Helse og velferd – på veg mot 2040».

Visjon  

Saman om nyskaping i helse og velferd 

Målsetting

Målet er å skape berekraftige og framtidssikre helse og velferdstenester fram mot 2040, som skal setje kommunane i stand til å levere heilskaplege tenester med knappare ressursar, færre tilgjengelege tilsette og aukande behov. Gjennom open dialog, tydelege forventningar og gode relasjonar, skal vi bruke samfunnet sine ressursar klokt. Vi skal skape helse og velferdstenester saman, og samarbeide med lokalsamfunnet for å styrkje meistring, tilhøyrsle og førebygging.

Kvifor gjer vi dette?

Utfordringane i helse og velferd kan ikkje løysast av helse og velferd åleine. Derfor har vi i Vestnes eit heilskapleg fokus på at alle som er aktørar i ulike roller i kommunen, er ein del av løysinga. 

Dei fleste av oss vil, på eit tidspunkt i livet, ha behov for bistand frå helse- og velferdstenestene. Det kan vere som eldre med ønske om å bu heime lengst mogleg, som pårørande, eller som forelder til barn og unge som treng ekstra oppfølging.

Samtidig veit vi at:

  • fleire vil ha behov for tenester. 
  • færre skal utføre dei.
  • mange av dagens løysingar er utvikla for ei anna tid enn den vi er på veg inn i.

Dersom vi held fram som før, vil gapet mellom det vi ønskjer å tilby og det vi realistisk kan levere, bli stadig større. Å redusere dette gapet er avgjerande for å sikre berekraftige tenester også etter 2040.

«Helse og velferd – på veg mot 2040» handlar derfor om å ta ansvar i tide.

Eit langsiktig og regionalt utviklingsarbeid

Kommunane i regionen deler mange av dei same utfordringane. Ved å samarbeide regionalt kan vi byggje eit felles kunnskapsgrunnlag, lære av kvarandre og utvikle sterkare og berekraftige løysingar enn vi ville klart åleine.

Arbeidet er ikkje eit enkelt prosjekt med raske svar, men eit fleirårig endringsarbeid som skal gi ny retning for korleis vi organiserer helse og velferdstenestene, samarbeider på tvers av kommunar og aktørar, og bruker ressursane våre på nye og klokare måtar.

Arbeidet er støtta av GassROR IKS, og har også fått støtte gjennom Stimulab ordninga, som støttar innovasjon i offentleg sektor.

Utviklast i dialog med innbyggarar og tilsette

Ein viktig del av arbeidet fram mot 2040 er at løysingane ikkje berre blir utvikla internt i kommunane.

For å ta gode og ansvarlege val treng vi også innsikt i korleis kvardagen faktisk blir opplevd for dei som brukar, yter og møter tenestene. Derfor vil dialog med innbyggarar, tilsette, frivilligheit, helseføretak og andre sentrale aktørar vere ein viktig del av dette arbeidet.

Kommunane vil i tida framover leggje til rette for ulike former for involvering, der erfaringar, perspektiv og refleksjonar kan bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for framtidige prioriteringar.

Samtidig er det viktig å vere tydeleg på at kommunane har ansvaret for å sikre gode helse og velferdstenester også i framtida. Dialog og involvering skal bidra til betre avgjerder, ikkje til å flytte ansvar.

Framdrift i arbeidet 

«Helse og velferd – på veg mot 2040» er eit langsiktig utviklingsarbeid som vil gå over fleire år. Arbeidet blir bygd steg for steg, med mål om å skape eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidige prioriteringar og endringar.

Fasen vi er i no er fokusert på Stimulab, som er eit eittårig innovasjonsløp for å utvikle og teste ein deliberativ medverknadsmetode.

Den deliberative medverknadsmetoden går ut på at eit representativt utval av innbyggarar, beslutningstakarar og tilsette får tid og støtte til å bli godt kjent med ei sak, diskutere ho over tid og vurdere ulike perspektiv før dei kjem med konkrete og gjennomførbare anbefalingar. Metoden legg til rette for at deltakarane kan gå meir i dybden om eit tema.

Dette er startmotoren og retningsgivaren for utviklingsarbeidet. Det er fokus på innbyggarmedverknad og det å byggje eit godt kunnskapsgrunnlag for vegen vidare. I 2026 blir det derfor lagt opp til ein kombinasjon av både fysisk og digital medverknad.

Vestnes kommune held fram med sin innbyggardialog, og dialogmøta i prosjekt helse og velferd må ikkje forvekslast med dei.

Innspela frå første fase vil danne grunnlag for vidare utvikling av prioriteringar, samarbeidsformer, arbeidsmetodar og moglege nye løysingar innan helse og velferd.

Arbeidet skjer i tett samarbeid mellom kommunane, og i dialog med innbyggarar, tilsette, beslutningstakarar og andre relevante aktørar.

Meir informasjon om vidare framdrift og involvering vil bli publisert fortløpande på kommunane sine nettsider.

Les meir om tildeling av Stimulab 2025 på regjeringen.no