Søknad om SFO-plass, endring og oppseiing

Søknad om SFO-plass, endring og oppseiing

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. trinn og for barn med spesielle behov i 1. til 7. trinn.

Kva tilbyr vi?

Alle barn i målgruppa (1. – 4. trinn) skal få tilbod om plass i skulefritidsordninga ved den skulen dei går på. Du må søke om plass på skulefritidsordninga  - lenke til skjema kjem her.

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa og skal derfor vere noko anna enn skule og barnehage. Den skal vere ein trygg opphaldsplass for barna utover skuletida, gi barna omsorg, tilsyn, legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar - tilpassa barna og foreldrene sine behov.

Kven kan nytte tilbodet?

SFO er tilbod for barn i 1. - 4 . klasse.

Elevar i 5. - 7. klasse med særleg behov kan få plass på SFO. Det må da leverast inn ein eigen søknad. Helland SFO har søknadsfrist 1. mars og dei øvrige skulane sine SFO har søknadsfrist 1. april. Det må søkast kvart år.

Informasjon om SFO-tilbod ved skulane

Tresfjord SFO  Helland SFO   Tomrefjord SFO  Fiksdal SFO 

Slik søker du

Du kan søke om SFO-plass til dei ulike skulane: 

Søknadsskjema til Helland SFO 2019  
Søknadsskjema til Tomrefjord SFO 2019

Endre eller seie opp plassen 

Ønsker du å endre eller seie opp plassen gjer du det via endringsskjema som sendast direkte til skulane: 

Endringsskjema Helland SFO 2019 - 2020   
Endringsskjema Tomrefjord SFO 2019-2020

Endringsskjema skal og nyttast dersom ein ønskjer å endre opphaldstida ein har avtala.

Oppseiing eller endring av tilbodet skal skje skriftleg, innan utgangen av månaden. Oppseiingstida er 2 månader teljande frå komande månad etter oppseiinga. 

Søknadsfrist 

Søknadsfristen for Helland SFO er 1. mars, medan dei øvrige skulane har 1. april.

Hva kostar det?

Plass Prisar
Til og med 12 timar per veke utan ferietilbod 1 640,00
Opphald over 12 timar pr. veke utan ferietilbod 2 265,00
Til og med 12 timar per veke med halvt ferietilbod 2 185,00
Opphald over 12 timar per veke med ferietilbod 3 265,00
Til og med 12 timar per veke med fullt ferietilbod 2 730,00
  • Betaling skjer for inneværende månad med forfall den 20.
  • Kommunen tek betaling for 10 månader. For august og juni er betalinga 50%.
  • For elevar som blir innmeldt etter skulestart, startar betalinga f.o.m. den datoen eleven er innmeldt i ordninga.
  • Foreldre som hentar barn etter stengetid, eller hentar barn ut over avtala opphaldstid, vil bli fakturert for tilleggstid. Sats for tilleggstid er sett til kr 200 for kvar påbegynt halvtime, og faktureringa kjem som tillegg til ordinær betaling månaden etter.
  • SFO-plassen kan gå tapt ved manglande betaling utover 2 månader.
  • Om ein seier opp plassen etter 1. april må ein betale ut skuleåret.
  • Matpenger kjem i tillegg til den faste satsen for foreldrebetaling:
    • Helland SFO kr 150. Dei som har ferietilbod betalar kr 180
    • Tomrefjord SFO og Fiksdal SFO kr 150 

Skyss til og frå SFO

Transport til og frå SFO er foreldra/føresette sitt ansvar.

Vedtekter

Opningstider

Helland SFO

Frå kl.07:00 til skulestart
Frå skuleslutt til kl 16:30

Tomrefjord SFO

Frå kl 06:45 til skulestart
Frå skuleslutt til kl 16:30

Fiksdal SFO

Frå kl 06:45 til skulestart
Frå skuleslutt til kl 16:30

Tresfjord SFO

Frå kl 06:45 til skulestart
Frå skuleslutt til kl 16:30

Fann du det du leita etter?