Helland barneskule SFO

SFO er eit fritidstilbod for elevar 1 - 4. steg og for elevar med spesielle behov på 5 - 7. steg.

Helland Barneskule SFO har eigen base i barneskulebygget. SFO kan i tillegg disponere kjøkken/aktivitetsrom, mediateket, klasserom, grupperom og Aulaen. SFO og skulen har felles uteområde. I skuletida deler SFO uteområde med barna på småskulesteget.

Skolefritidstilbodet er ein unik arena for å gi barn med ulik alder og ulike forutsetningar moglegheit til å gjere ting saman. I skulefritidsordninga skal elevane oppleve meistring i eit miljø prega av omsorg og tryggheit. Fritidsordninga skal so langt som mogleg ta utgangspunkt i elevane sine ønske, men vil også styre aktivitetane ved behov. SFO kan vere ein god arena for inkludering og samarbeid med alle elevar. Skulens ordensreglement gjeld  også for SFO.

Når må ein søke

Søknadsfristen for SFO i Vestnes kommune er 1. mars.

Du kan søke om SFO-plass til dei ulike skulane gjennom Visma Flyt Skole

SFO- er ein viktig arena for

  • kvardagen til barna
  • å utvikle sosial kompetanse
  • leik og læring
  • barnas eigen kultur
  • å utvikle nye venskap   

Vi legg vekt på

  • Ein trygg og triveleg stad å vere
  • Tid til leik - ute og inne, tid til å leike ferdig
  • Måltid
  • Kvardagsferdigheiter
  • Aktivitetar tilrettelagt av vaksne
  • Barnas eigne aktivitetar
  • Gode barndomsopplevingar
  • Tid til kjede seg?
  • Dette er barnas fritid!

Praktisk informasjon

  • Merk klede og sko. Husk innesko. Klesskift, klede som tåler stygt ver og klede som held barna varme.  Barna bruker same garderobe på SFO som i skuletida
  • Visma tilstedeværelse brukar SFO som digital registrering når barna kjem på SFO og blir henta.  
  • For melding/beskjedar skal appen «min skole foresatt» nyttast. Der kan føresette sende meldingar som kjem rett inn i visma tilstedeværelse.
  • Meld alltid ifrå til personalet når de hentar barn på SFO. 
  • Gjer gjerne faste avtaler, som gjer dagen forutsigbar for barna og for oss. 
  • SFO må ha beskjed dersom barnet skal gå heim eller bli henta av andre enn foreldra. Dette kan gjerast muntlig eller via appen. Beskjed må gis i god tid før barnet skal gå/bli henta.
  • Barn i 1. kl skal bringast og hentast.

Opningstider SFO

Dagrytme

Dagrytme - SFO Helland
Kl Timeplan
Kl 07:00 SFO opnar
Kl 07:30 Frukost. Barn som skal ete frukost har med eiga matpakke. SFO ordnar drikke.
Kl 08:30 - 13:00/13:45 Skule
Barna blir møtt i klasserommet og registrert inn på SFO.
Kl 13:00 - 13:45 Alle skal vere ute
Kl 13:45 - 14:30 Kantine. Smøremåltid. Alternativ lunch ca kvar 14. Dag, vekselvis mellom vekedagane.
Barna bestemmer sjølv om dei vil vere inne eller ute. 
Kl 16:30 SFO stenger.

Foreldresamarbeid

For at SFO skal vere eit så godt tilbud som råd for foreldre og barn, treng vi eit nært samarbeid mellom foreldre og SFO.
Samarbeidet må baserast på: 

  • ofte kontakt ( eks ved henting)
  • foreldremøte
  • informasjonsutveksling
  • tilbakemeldingar, både positive og negative
  • sende e-post
  • ringe og avtale møte

 

Illstrasjon SFO - Klikk for stort bileteIllustrasjon SFO

Kontakt

Helland SFO
Telefon 97 16 60 67
Jeanette Beinset
Pedagogisk leiar
E-post
Telefon 90 16 12 96

Opningstider

Helland SFO

Frå kl. 07:00 til skulestart
Frå skuleslutt til kl. 16:30

Adresse

Besøksadresse

Skulevegen 2
6390 Vestnes

Kart