Tomrefjord SFO

Tomrefjord SFO

SFO er eit fritidstilbod for elevar 1. - 4. årssteg, og for elevar med spesielle behov ved 5. - 7 årssteg.

SFO har eigen base i underetasjen i barnetrinndelen på Tomrefjord skule. SFO har eigen avdeling, med eige kjøkken.

SFO kan også disponere klasseromma og garderoba i same etasje. Og Oasen og ev idrettshallen når der er ledig. I skuletida deler SFO uteområde med elevane på barnetrinnet.

Tomrefjord SFO har 9 tilsette assistentar/fagarbeidarar og dagleg leiar.

I skuleåret 2022/2023 er det 50 barn ved SFO.

Når må ein søke

Søknadsfristen for SFO i Vestnes kommune er 1. mars.

Du kan søke om SFO-plass til dei ulike skulane gjennom Visma Flyt Skole

Opningstider

Tomrefjord SFO er åpen frå kl 06:45 - 16:30. SFO Tomrefjord følgjer skuleruta til Vestnes kommune, og er åpen dei dagane det er skule. Når skulen er stengt, er SFO stengt.

Ferietilbod kan kjøpast utanom, og vil sannsynleg bli ved Helland SFO. Forespurnad om ferie-SFO vil bli sendt ut på FORMS-skjema gjennom Visma til alle som har SFO-tilbod før kvar ferie. 

SFO er ein viktig arena for

  • kvardagen til barna 
  • å utvikle sosial kompetanse
  • leik og læring
  • barnas eigen kultur
  • å utvikle nye venskap

Vi legg vekt på

  • Ein trygg og triveleg stad å vere
  • Gode og sunne måltid, der vi fast kvar fredag lagar noko anna enn berre tradisjonelt smøremåltid
  • Rikeleg med tid til leik ute og inne
  • Tilbod om ulike vaksenstyrte aktivitetar, som t.d formingsaktivitetar, songleikar/ tradisjonsleikar, bli lest for, spele spel, o.a.

Praktisk informasjon

Barna brukar same garderobe på SFO som i skuletida. Husk å merke klede og sko med namn. Barna må ha rett klede- og nok klede til all slags ver, og alltid ha skifteklede tilgjengeleg.

Informasjon/beskjedar mellom heim og SFO skrivast enten inn i Visma eller sendast til sfo-mobiltelefonen: tlf 958 97 104. Det er viktig at foreldra seier ifrå når barnet blir henta, slik at ein alltid har oversikt over kor mange som er på SFO til ei kvar tid. SFO må ha beskjed om barnet skal gå heim sjølv, eller bli henta av andre enn foreldra.

Mat: Dei som skal ete frukost på SFO, må ta med denne sjølv. Drikke får dei på SFO. Vi har eit smøremåltid kvar dag, og fast ev. varmmat, eller anna som t.d vaflar på fredagar.

Dagrytme - SFO Tomrefjord

Dagrytme - SFO Tomrefjord
Kl. Timpelan
Kl 06:45 SFO opnar
Kl 07:45 Frukost bli avslutta. Barn som skal ete frukost har med eiga matpakke. SFO ordnar drikke.
Kl 08:15 Skule
Kl 13:40 - 14:30 Kantine. Smøremåltid.
Aktivitetar inne eller ute.
Kl 16:30 SFO stenger.

Foreldresamarbeid

For at SFO skal vere eit så godt tilbud som råd for foreldre og barn, treng vi eit nært samarbeid mellom foreldre og SFO. 

Samarbeidet er basert på:

  • Ofte kontakt (t.d ved henting)
  • Foreldremøte
  • Informasjonsutveksling
  • Tilbakemeldingar, både positive og negative

Kontakt

Tomrefjord SFO
Telefon 95 89 71 04
Linda Tomren
Dagleg leiar sfo
E-post
Telefon 90 86 57 05

Opningstider

Tomrefjord SFO

Frå kl. 06:45 til skulestart
Frå skuleslutt til kl. 16:30

Adresse

Besøks- og postadresse

Lidvegen 14
6393 Tomrefjord

Kart