Sjekk planer og føresegner for din eigedom
Før du bygg, riv eller endrar må du sjekke planar som omhandlar eigedomen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjere av endringar, og kva du kan bruke bygget på eigedomen din til. Sjekk om tiltaket er i samsvar med plana som gjeld i området. Søk i kart og planinnsyn eller søk i planregisteret for å finne kva for planar som gjeld for din eigedom.
Er tiltaket i konflikt med planen, må du tilpasse tiltaket ditt slik at det blir i tråd med planen, eventuelt må du søke om dispensasjon.
Du må også sjekke om eigedomen du vil byggje på er tilstrekkeleg sikker mot naturfare.
Forhåndskonferanse
Du kan be om forhåndskonferanse dersom du planlegg eit byggjetiltak og ønskjer å avklare rammene for tiltaket på førehand. I møtet går vi gjennom kva du ønskjer å gjere, kva som kan vere mogleg, og kva regelverk som gjeld.
Ved behov kan også andre offentlege myndigheiter vere med i møtet. Etterpå skriv kommunen eit referat som du kan bruke vidare i planlegginga av tiltaket. Gebyr for forhåndskonferanse går fram av kommunens gebyrliste.
Slik søker du
Søk elektronisk i dibk.no/tjenestene
Søk med papirskjema
Ein del informasjon skal fyllast ut i sjølve søknaden, og noko skal leggast ved som vedlegg. Det raskaste er å sende søknaden digitalt. Dersom du heller vil søkje på annan måte, kan du levere søknaden på servicekontoret, eller sende den per post eller epost til kommunen.
Innhald og vedlegg i søknaden
Forklar kva du søker om
Legg ved eit kort følgjebrev til søknaden som gjer det enkelt for saksbehandlar å setje seg inn i kva du søker om.
Nabovarsel
Naboar og gjenboarar skal varslast før søknad blir sendt til kommunen. Naboliste kan du bestille hos kommunens leverandørar. Naboen skal sjå teikningar og situasjonsplan som viser kva du skal gjere. Dei skal ha minst 14 dagar på å få uttale seg om tiltaket.
Når du sender inn søknaden skal du legge ved:
- Blanketten opplysningar gitt i nabovarsel
- Blanketten kvittering for nabovarsel
- Eventuelle merknadar frå naboar i tillegg til dine kommentarar til dei.
Les meir om nabovarsling eller finn skjema
Situasjonsplan
Du må vise korleis tiltaket ditt er plassert på eigedomen din.
Skriv ut situasjonskart på karttenesta romsdalskart eller søk opp eigedomen din i eiendomsregisteret.
Kartet skal vere i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak). Byggetiltaket teiknar du inn på dette kartet. Husk å sette mål på tiltaket, samt avstand til grenser til veg og bygg like ved. Uteareal med garasje/biloppstillingsplass og snuplass skal også visast.
Teikningar
Målsett plan-, snitt- og fasadeteikningar i 1:100. Sjå krav til dokumentasjon for teikningar i byggesaker (PDF, 26 kB).
Av og til kan det vere behov for å supplere med fleire teikningar, til dømes terrengprofilteikningar, perspektivteikningar og liknande.
Dersom du er usikker på om tiltaket du planlegg er søknadspliktig, kan du bruke rettleiaren til Direktoratet for byggkvalitet for å sjå kva du kan bygge utan å søkje.