Dispensasjon plan og bygg

Ein dispensasjon er eit vedtak som gjer unntak frå bestemmelsar i eller i medhald av plan- og bygningslova (Pbl). Det vil sei at kommunen gje løyve i ein konkret sak, til eit tiltak som ikkje er i samsvar med Pbl. Ein dispensasjon kan vere varig eller avgrensa i tid.

Hovudregelen er at alt som skal byggast, eller nye eigedomar som skal opprettast (frådeling) er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter og arealplanar med forskrifter. Eksempel på planar er kommuneplanens arealdel og ulike reguleringsplanar. Når du skal søke om eit tiltak, må du difor finne ut kva planar som gjeld for det aktuelle området. Du kan få informasjon om dette via planinnsyn eller ved å kontakte kommunen. 

Husk at Plan- og bygningslova, forskrifter og gjeldande arealplanar har bliven til gjennom omfattande prosessar, slik at det ikkje er sjølvsagt at det vert gjeve dispensasjon.

Søke om dispensasjon

Tiltakshavar kan (tiltakshavar = person som skal bygge eller opprette ny eigedom) søke om dispensasjon sjølv, eller andre kan søke på vegne av tiltakshavar. I søknaden skal det kome tydleg fram kva du søker dispensasjon frå. Du skal og grunngje kvifor du meinar det bør bli gjeve dispensasjon. I tillegg skal du varsle naboar. 

Kva skal søknaden innehalde

Søknad om dispensasjon skal alltid vere skriftleg og skal innehalde:

  • Kven som er tiltakshavar og ansvarleg søkar
  • Kva eigedom søknaden gjeld for.
  • Kva du skal bygge eller kva føremålet er ved oppretting (frådeling) av ny eigedom
  • Kva lovar, planar det vert søkt dispensasjon frå.
  • Grunngjeving for kvifor du meiner dispensasjon bør vert gjeve.
  • Kvittering for nabovarsel og opplysningar gjeve i nabovarsel som viser at naboar er varsla om dispensasjonssøknaden.
  • Eventuelle merknader frå naboar.
  • Eventuelt vurdering av merknader.
  • Situasjonsplan.
  • Eventuelle teikningar i målestokk 1:100 og om nødvendig terrengprofil

Kva kostar det

Søknad om dispensasjon er gebyrbelagt. Sjå punkt 18 i Regulativ for saksbehandling av byggesaker, plansaker, oppretting og endring av eigedom m.v.

Regelverk  

I Plan- og bygningslova § 19 finn du meir om dispensasjon.

Kontakt

Jan Rune Jacobsen
Planansvarleg
E-post
Telefon 95 10 43 69
Torgeir Marvin Utgård
Byggesaksansvarleg
E-post
Telefon 90 77 83 28

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart