Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Serveringsbevilling

Når treng du serveringsbevilling?

Vil du starte ein stad der det vert servert mat og/eller drikke, må du ha serveringsbevilling. I nokre få tilfelle treng du ikkje serveringsbevilling (for eksempel kakesal på 17. mai).

Krav som du må oppfylle

Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablerarprøva.

Slik søker du

Du må sende oss ein søknad om serveringsbevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden.

Vedlegg til søknaden

  • Stadfesta kopi av bevis for bestått etablerarprøve for dagleg leiar på serveringsstaden
  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved serveringsstaden
  • Firmaattest for bevillingssøkjaren og eigarar med vesentleg eigardel
  • Planteikning over serveringsstaden
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene
  • Kopi av melding til Mattilsynet

Kor lang tid tek det?

Kommunen skal behandle søknad om serveringsbevilling innan 60 dagar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet og Skatteetaten. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Opningstider

Rådhuset 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhsuet
6390 Vestnes

Kart