Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Eigarskifte og drift på tidlegare eigars bevilling

Har du overtatt ein eksiterande sals-, skjenke- eller serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigars bevilling, mens du ventar på at din nye søknad vert behandla. Dette gjeld kun i ein overgangsperiode på tre månadar og berre dersom bestemte vilkår er oppfylt.

Vilkåra må vere oppfylt for å kunne drive på tidlegare eigars bevilling i ein overgangsperiode

  • Kommunen må få beskjed om at det har skjedd ei overdraging av verksemda og at du ønskjer å ta i bruk tidlegare eigars bevilling.
  • Du må søke om ny bevilling innan lovbestemte tidsfristar:
    • Etter serveringslova må du søke om ny bevilling innan 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.
    • Etter alkohollova må du søke om ny bevilling innan 30 dagar etter sjølve overdraginga.
    • Ver merksam på at du må overhalde serveringslova sin frist, dersom du skal overta ein skjenkestad, sidan ein skjenkestad alltid har både serverings- og skjenkebevilling.
  • Det må ligg føre eit rettsleg suksesjonsforhold mellom tidlegare og noverande eigar

Kva er eit eigarskifte?

Eksemplar på kva som vert rekna som eigarskifte:

  • Kjøps- eller salssituasjon mellom to avtalepartar
  • Vesentlege endringar i eigarandelar i selskapet som innehar bevillinga
  • Skifte mellom selskap i same konsern
  • Skifte av selskapsform (sjølv om eigarinteressene heilt eller delvis er dei same som før)

Korleis melde frå til kommunen

Du kan sende ein e-post til postmottak@vestnes.kommune.no eller eit brev til Vestnes kommune, Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes.

Regelverk

Oversikt over lover og regler som gjelder for serverings-, salgs- og skjenkesteder.

Opningstider

Rådhuset: 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
6390 Vestnes

Kart