Alminneleg skjenkebevilling (permanent)Når treng du skjenkebevilling?Skal du starte ein serveringsstad og ønskjer å skjenke alkohol, må du søke om både serverings- og skjenkebevilling. Les meir om serveringsbevilling.Har du serveringsbevilling frå før og ønskjer å skjenke alkohol, må du søke om skjenkebevilling.Krav som du må oppfylleStyrar og stedfortredar ved staden må ha bestått kunnskapsprøvaStyrar og stedfortredar ved staden må vere over 20 årStyrar og stedfortredar må vere tilsett ved staden eller arbeide der i kraft av eigarstillingAlkohollova stiller krav om uklanderleg vandelVed eigarskifte må du søke om ny bevillingKorleis søke om skjenkebevilling?Du søker elektronisk om skjenkebevilling her Du må laste opp eventuelle vedlegg i søknaden.Vedlegg som må følgje søknad om skjenkebevilling Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar på staden har bestått kunnskapsprøveDokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved skjenkestadenStadfesta kopi av serveringsbevilling dersom det berre blir søkt om skjenkjebevillingFirmaattest for alle selskapa som er involverte i drifta av skjenkjestaden (Brønnøysundregistra)Planteikningar over arealet og funksjonane i lokaletBruksløyve frå bygningsmyndigheiteneKopi av melding til MattilsynetKor lang tid tek det?Kommunen skal behandle søknad om skjenkebevilling innan tre månadar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.Lover og reglarOversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar. Sist endra 05.08.2026 13.17