Opphald i institusjon

Vestnes kommune har ulike institusjonar som gir tilbod til dei som har eit stort behov for omsorg og pleie, som ikkje kan gis i heimen.

Kva kan vi tilby?

Korttidsopphald

Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald. Tidsavgrensa opphald kan bli gitt når til dømes ein har behov for utredning/vurdering, opptrening (rehabilitering) eller omfattande helsefagleg bistand i ei periode.

Typer korttidsopphald:

  • Korttidsopphald til observasjon
  • Korttidsopphald til opptrening / rehabilitering
  • Rullerande korttidsopphald
  • Tidsavgrensa opphald i akuttsituasjon (kommunen kjøper tenesta eksternt)
  • Avlastningsopphald 

Langtidsopphald

Som hovudregel tildeler ein langtidsopphald når andre alternative tenester er vurdert, prøvd ut og/eller ikkje funne hensiktsmessig. Søker skal vere varig ute av stand til å ha omsorg for seg sjølv, og til å meistre dagleglivet sine gjeremål på grunn av kognitivt eller fysisk funksjonstap.

Typer langtidsopphald:

  • Langtidsopphald i sjukeheim
  • Langtidsopphald i trygdeheim
  • Langtidsopphald i skjerma/tilrettelagt eining for personar med demens   

Palliativ plan

Eit tilbod til pasientar som har ein livstruande sjukdom som ikkje kan kurerast.  
Du finn meir informasjon om temaet på Helse Møre og Romsdal sine nettsider 

Kven kan få tilbodet?

Personar som vert vurdert til å ikkje vere i stand til å bu i eigen heim i kortare eller lengre periodar, og kor det samla sett ikkje kan gis tilfredsstillande/forsvarlege tenester i heimen. 

Institusjonane våre med kontaktinformasjon

Fagråd for institusjon

Ut frå søknad og opplysningar innhenta av fagpersonar, blir det i fagråd avgjort kva teneste den enkelte skal få tilbod om. Fagråd består av representantar frå institusjon, heimetenestene, tenestekontoret og kommunalsjef for helse- og omsorg. 

Kva kostar det?

For korttidsopphald betaler ein eigenandel pr døgn. Sats for eigenandel vert fastsett av Staten.

Ved langtidsopphald betaler ein eigenandel utrekna frå inntekta (pensjon, renteinntekter og liknande). Det er ikkje anledning til å kreve delar av formua (fast eigendom, bankinnskot, aksjer mv.) som betaling.

Sjå kommunen sine betalingssatsar for helse- og omsorgstenester.

Slik søker du

Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her

Slik klager du

Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.

Regelverk

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) 
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
Forskrift om tildeling av langtidsopphald og helse- og omsorgstenester i institusjon, vurderingsmoment og vurderingslister m.m., Vestnes kommune, Møre og Romsdal   
Rundskriv I-1/2023 om endring av fribeløp og egenandeler for kommunale helse- og omsorgstjenester
Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester regulerer størrelsen på betalinga

Kontakt

Tildeling og koordinering
E-post
Telefon 47 66 27 33

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 6
6390 Vestnes

Kart