Matombringing

Vestnes kommune gjev tilbod om kjøp av varm middag som er produsert ved sentralkjøkkenet ved Vestnes sjukeheim. Måltidet blir køyrd ut til heimen, ein eller fleire dagar i veka.

Kven kan få tilbodet?

Tenesta kan gis til heimebuande som på grunn av sjukdom, alder eller nedsett funksjonsevne ikkje er i stand til å syte for ernæringsbehovet sitt.

Kva kan du få?

Middagsmåltid er laga med utgangspunkt i kosthaldshandboka, Veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten (PDF, 6 MB) utgitt av Helsedirektoratet. Dette går på menyval som er tradisjonell norsk mat, storleiken på porsjonane, næringsinnhald m.m.

Vi tilbyr også diett-kost ut frå behov. Døme på dette er diabeteskost, glutenfri kost, skånekost m.m.

Middagen blir bringa varm heim til brukarane i tida 11.30-14.00 måndag til fredag. Kommunen er delt i 3 områder, og ein bil dekkjer sitt område.

Les meir om sentralkjøkkenet.

Han du spørsmål kring matombringing?

Tenestekontoret eller avdelingsleiar Christell Hellström i heimetenestene kan då kontaktast.

Slik søker du

Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her

Slik klager du

Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.

Kva kostar det?

Sjå kommunen sine betalingssatsar her.

Regelverk

Dette er eit kommunalt servicetilbod som ikkje er ei lovpålagt teneste.

Kontakt

Tildeling og koordinering
Telefon 47 66 27 33

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 12:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk eller avtale tid på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Helsehuset Stella Maris
Brugata 6
6390 Vestnes

Kart