Avlastning

Avlastning skal gjere det mogleg for private omsorgsytarar å fortsette omsorgsarbeidet.

Kven kan få tenesta?

Pårørande eller andre som utfører særlig tyngande omsorgsarbeid for funksjonshemma, sjuke eller pleietrengande personar. 

Kvan kan du få?

Avlastningstiltak skal gjere det mogleg for omsorgsytaren å få kvilt ut og få tilstrekkeleg fri frå omsorgsarbeidet. Avlastningstiltak inneber at kommunen i ei kortare eller lengre periode sjølv yt dei helse- og omsorgstenestene som den som har hjelpebehovet har rett til, men som den private omsorgsytaren vanlegvis gir. I mange tilfeller gis avlastning som kortvarige opphald i institusjon eller heime hjå avlastar som er ansatt av kommunen, men tenesten kanogså gis i heimen til den som har hjelpebehovet eller på anna måte som er forsvarleg for begge dei private partane.

Sjå meir om omsorgsstønad.

Sjå meir om rettleiing og opplæring.

Krav til søkar

  • Det forutsett at den private omsorgsytaren utfører omsorgsarbeid som kommunen ville ha plikt til å utføre dersom omsorgsytaren ikkje hadde gjort det. Dette betyr at den som har bistandsbehovet må fylle vilkåret i pasient- og brukerrettigheitslova § 2-1 a annet ledd, det vil sei at det er nødvendig med helse- og omsorgstenester. 
  • Omsorgsarbeidet må vere særlig tyngande, av eit visst omfang og er/forventa å vare i lang tid. Særlig tyngande omsorgsarbeid kan vere meir fysisk eller psykisk belastande enn vanlig,  føre til isolasjon og mangel på ferie og fritid, om søkar har inntektstap og omsorgsplikt.
  • Når det gjeld barn må det ttakast omsyn til at foreldre har lovpålagt omsorgsplikt etter barnelova. Omsorgsarbeid som er vanleg for barn på samme alder reknast ikkje som særlig tyngande. Det er omsorgsarbeid som klart overstig det som er vanleg, eller som går ut over det ein med rimeligheit kan forventa at foreldra skal kunne ivareta, som regnes som sørlig tyngande.
  • Det er ei forutsetning at både den som har hjelpebehovet og omsorgsytaren ønskjer at den pårørande skal fortsette med arbeidet. Det er unntak frå dette vilkåret i barnefamiliar der foreldra har omsorgsplikt. Det skal likevel takast omsyn til at kan vere naturleg at ungdom gis mogligheit for privatliv, og at foreldra difor ikkje alltid er dei rette til å utføre alle omsorgsoppgåver.

Slik søker du

Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her

Slik klager du

Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Regelverk

Helse- og omsorgstenestelova §3-6 
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)  
Veileder om pårørende i helse- og omsorgstjenesten

Kontakt

Tildeling og koordinering
E-post
Telefon 47 66 27 33
Marit K Tomren
Sjukepleiar/saksbehandlar
E-post
Telefon 48 02 48 09
Siri Myklebust
Saksbehandlar
E-post
Telefon 90 69 31 60
Veronica Trandal
Sosionom/saksbehandlar
E-post
Telefon 91 65 33 30

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart