TryggleiksalarmVestnes kommune gjev tillbod om leige av tryggleiksalarm med brannvarsling som er knytt til vaktsentral heile døgnet. Kva tilbyr vi? Tryggleiksalarm er ein fastmontert alarm i heimen som kan nyttast for å komme i kontakt med helsefagleg personell i ein akutt situasjon heile døgnet. Personell rykker ut ved behov. Tryggleiksalarmen kan bærast rundt halsen eller på arma som eit armbandsur. Alarmknappen er fukttett og kan nyttast i dusj. Kven kan få tilbodet? Tenesta kan tilbys til heimebuande som på grunn av sjukdom, alder, nedsett funksjonsevne har behov for å enkelt kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar eller som føler seg utrygge ved å bu åleine. Kva kostar det? Kommunen tek betaling for leige av tryggleiksalarm. Sjå kommunen sine betalingssatsar her. Slik søker du Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her. Slik klager du Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her. Regelverk Dette er eit kommunalt servicetilbod som ikkje er ei lovpålagt teneste. Sist endra 24.11.2021 16.01