Kva kan vi tilby?
Praktisk bistand og opplæring er tenester som skal styrke og/eller kompensere for eigen mestring i å ivareta eigenomsorg og klare dagliglivets gjeremål. Tenesta skal bidra til at den enkelte får mogligheit til å leve og bu sjølvstendig, og ha ei aktiv og meningsfull tilvære i fellesskap med andre.
Tenesta blir utforma individuelt, og sett samen av følgande elementer:
Personlig assistanse, praktisk bistand og opplæring.
Formålet med praktisk bistand er å gje hjelp i dagliglivets gjeremål, husholdninga, eigenomsorg og personleg stell. Formålet med opplæring er å gjere den enkelte mest mulig sjølvstendig i dagliglivet, og/eller vedlikeholde ferdigheiter.
Heimehjelp:
Tenesta kan gis som heimehjelp der du kan få hjelp til mellom anna:
- reingjering av bustad (avgrensa til daglege bruksrom herunder kjøkken, stove, bad, gang og soverom). Utføres vanlegvis kvar 3. veke.
- klesvask
- skifte av sengetøy
- i nokon tilfelle bistand til innkjøp av daglegvarer
Kontaktperson for heimehjelp: Elisabeth Sylte
Kven kan søke?
Personar som er avhengig av hjelp for å klare dagliglivets gjeremål. Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemning eller alder. Du må opphalde deg i Vestnes kommune.
Kva er forventa av deg?
- Du utfører sjølv dei oppgåver du kan klare
- Du/din representant gir beskjed dersom du ikkje er heime til avtalt tid, seinast dagen før eller så raskt som mogleg
- Du stiller til rådigheit nødvendig utstyr til alminnelig husarbeid (støvsugar, mopp/langkost, bøtte, klutar,/tvoger, vaskemiddel)
- Du aksepterer installasjon/plassering av nødvendig medisinsk/tekniske hjelpemidler i heimen
Ansatte i Vestnes kommune følger i sitt arbeid bestemmelsane i arbeidsmiljølova. Den ansatte skal ha eit forsvarlig arbeidsmiljø.
Dette inneber blant anna:
- Dersom det blir røykt i bustaden, må det luftast godt ut før personell er venta
- Det skal ikkje røykast i bustaden når tjenesteytar utfører sitt arbeid
- Elektriske installasjonar må være i forsvarleg stand
- Tjenesteytar må ikkje utsettast for unødig risiko ved atkomst til bustaden, for eksempel hundar/båndtvang, mørklagte inngangsparti og liknande
- Tjenesteytar må møtast på ein respektfull måte og ikkje utsettast for noko form for diskriminering
Slik søker du
Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her.
Slik klager du
Les meir korleis du klager på helse- og omsorgstenester her.
Kva kostar det?
Det kan krevast betaling for praktisk bistand som for eksempel rengjering, klesvask, matlaging, hjelp til innkjøp og liknande daglege gjeremål. Det kan ikkje krevast eigenbetaling for heimesjukepleie, eller for praktisk bistand og opplæring til personlig stell og eigenomsorg.
Betalingssatsane vert fastsett ut frå husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Grunnlaget er utrekna frå siste tilgjengelege skattelikning, med eventuell hjelpestønad, og antall timar du får praktisk bistand.
Sjå kommunen sine betalingssatsar for helse- og omsorgstenester.
Regelverk
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)