Heimesjukepleie

Heimesjukepleie gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med nedsett funksjonsevne som bur heime. Tilbodet gjeld også menneske som har behov for helsehjelp etter sjukehusopphald. Behovet blir vurdert fortløpande.

Kva kan vi tilby? 

  • hjelp med medisin og medisinske prosedyrar
  • dagleg stell
  • sårbehandling
  • rettleiing om kosthald og helsespørsmål
  • hjelp til å stå opp, legge deg og toalettbesøk
  • rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eigenhand (dosere medisin, skifte stomi osv.)
  • Stell og pleie til alvorleg sjuke og døyande
  • Støtte og rettleiing til pårørande 
  • Palliativ plan - sjå meir informasjon på Helse Møre og Romsdal sine nettsider 

Heimetenestene - kontaktinforamsjon

Krav til søkar

Du må ha eit hjelpebehov som skuldast sjukdom eller nedsett funksjonsnivå, eller ha behov for helsetenester i heimen.

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis. Pasienten betaler kun medisin og eventuelt medisinsk utstyr. 

Slik søker du

Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her 

Slik klagar du

Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.

Kontakt

Tildeling og koordinering
E-post
Telefon 47 66 27 33

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse
Helsehuset Stella Maris
Brugata 6
6390 Vestnes

Kart