Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Offentleg ettersyn - Reguleringsendring for Vik-Selnes

Offentleg ettersyn - Reguleringsendring for Vik-Selnes

Kommunedirektøren i Vestnes har, i medhald av PBL § 12-10/11 og delegert fullmakt, godkjent at forslag til endring av reguleringsplan for del av bustadområdet Vik - Selnes skal leggast ut til offentleg ettersyn. Formålet med endringa er å legge til rette for bustadbygging innanfor definisjonen "småhus", som omfattar frittliggande og samanbygde bustadhus med inntil 3 plan. 

Offentleg ettersyn - Vik-SelnesInteresserte kan gjere seg kjent med dokumenta i saka ved å kontakte servicekontoret på rådhuset, eller sjå under her. 

Ev. merknader skal sendast:
Vestnes kommune,
Brugata 10,
6390 Vestnes

eller til postmottak@vestnes.kommune.no seinast innan 7. september 2022.

 

Dokument i saka: 

Forslag til privat reguleringsendring for delar av bustadområdet Vik-Selnes - Høyringsbrev (PDF, 185 kB)
Forslag til privat reguleringsendring Vik-Selnes - Offentleg ettersyn
(PDF, 194 kB)
Plankart (PDF, 6 MB)
Planomtale - 2022.07.05
(PDF, 2 MB)
Reguleringsføresegner - 2022.07.05 (PDF, 346 kB)
ROS-analyse (PDF, 3 MB)
Prosess (PDF, 319 kB)
Oppstartsvarsel - 2022.05.09 (PDF, 2 MB)
Oppstartsvarsel naboar - 2022.05.09 (PDF, 763 kB)
Adresseliste - 2022.05.09 (PDF, 87 kB)
Brev annonse - 2022.05.10 (PDF, 937 kB)
Innspel Statsforvaltaren i Møre og Romsdal - 2022.06.14 (PDF, 406 kB)
Innspel NVE - 2022.06.21 (PDF, 78 kB)
Innspel Møre og Romsdal fylkeskommune - 2022.06.23 (PDF, 229 kB)
Innspel Statens vegvesen - 2022.07.01 (PDF, 7 MB)
Vedr. kryss Vikvegen Fv661 - 2022.07.05 (PDF, 185 kB)