Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Melding om offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for Gjermundnes Masseuttak – Utviding

Melding om offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for Gjermundnes Masseuttak – Utviding

Planutvalet i Vestnes har, i medhald av PBL § 12-10/11 godkjent at forslag til endring av detaljreguleringsplan for Gjermundnes Masseuttak skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Formålet med endringa er å få plass til deponi av reine massar, sikring av bruddet mot sør og opne for tilkomst til sjø via eksisterande passasje under E136.

Planforslaget kan du sjå på rådhuset eller under her.

Evt. merknader skal sendast til Vestnes kommune, postmottak@vestnes.kommune.no seinast innan 16.11.2022.

Dokument i saka

Vedtak i Planutvalet (PDF, 131 kB)
Saksframlegg (PDF, 201 kB)
Mottakarliste (PDF, 267 kB)
Utvidelse av reguleringplanen (PDF, 99 kB)
Arealbruk (PDF, 832 kB)
Forslag til reguleringsbestemmelser - September 2022 (PDF, 164 kB)
Forslag til reguleringsbestemmelser - Desember 2013 (PDF, 283 kB)
Planbeskrivelse - utvidelse (PDF, 2 MB)
Vedlegg 1 - Naturmiljø (PDF, 2 MB)
Vedlegg 2 - Risiko- og sårbarhetsanalyse (PDF, 196 kB)
Forhåndkonferanse Gjermundnes - referat (PDF, 259 kB)

Planstart varsel - annonse (PDF, 123 kB)