Kommuneplan

Kommuneplan

Kommuneplanen er eit overordna styringsdokument for Vestnes kommune. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel.

Kommunal planstrategi

Kommunal planstrategi skal utarbeidast kvart fjerde år, og gje ei vurdering av kommunen sitt planbehov. Planstrategien for Vestnes kommune vart revidert i 2017. Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommuneplan

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet for Vestnes kommune, som gir rammer for forvaltning av arealressursane og langsiktig planlegging av utviklinga i kommunen. Den vedkjem difor alle som bur, jobbar og lev i Vestnes.

Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel, ein arealdel og ein handlingsdel.

Samfunnsdelen

Kommuneplanen sin samfunnsdel tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for både kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon.

Gjeldande plan:

Kommuneplan for Vestnes kommune 2015-2025, samfunnsdelen. (PDF, 8 MB)   

Arealdelen

Kommuneplanen sin arealdel omfattar alt areal i kommunen. Planen fastset kva føremål areala kan nyttast til og viser område med fare eller natur- og kulturlandskapsverdiar som skal takast omsyn til. Plankart og føresegner er bindande både for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak jf. plan- og bygningslova § 11-6.

Gjeldande planar:

Kommuneplanens arealdel for Vestnes 2015-2025, vedtatt 01.10.2015 (PDF, 17 MB)  

Kommunedelplan Romsdalsfjorden 2015-2025 vedtatt i Vestnes 22.06.2017

Kommunedelplan Tomrefjellet – Solnørvassdraget – vedtatt i Vestnes 06.07.2006. (PDF, 2 MB)

Digitale planar er tilgjengeleg på kommunens kartteneste under søk i kart/planer

Handlingsdelen  

Handlingsdelen vert lagt inn i økonomiplanen. I handlingsdelen/økonomiplanen er det også vist oversikt over helsetilstanden i befolkninga og statistikkar og prognoser for folketalsutvikling, barnetal, alderssamansetting, kjønnsfordeling og nasjonalitetar etc.

Kommuneplanens arealdel skal rullerast i 2020.            
Kommuneplanens samfunnsdel skal rullerast i 2020.
Kommuneplanens handlingsdel blir rullert årleg som del av økonomiplanen

 

 

Kontaktinformasjon

Jan Rune Jacobsen
Planansvarleg
E-post
Telefon 71 18 40 47
Mobil 951 04 369

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart

Fann du det du leita etter?