Vestnes kommune

Kommunevåpen

Kommunevåpen

I dag har dei aller fleste kommuner sitt eige kommunevåpen som symbol for kommunen. Eit slikt våpen er utforma etter særs strenge heraldiske reglar som gjeld både storleik, motiv og fargar.

Kommunevåpenet til Vestnes er i raudt med to gullspissar mot venstre.

Våpenet blei godkjent ved kgl. res. 11. april 1980, og er teikna av Jarle Skuseth. Skuseth har tenkt seg den raude midtspissen som Vestnes og at de to gullspissane mot heraldisk venstre skulle vere Tresfjorden og Tomrefjorden. Våpenet er altså eit svært stilisert kart over kommunen.

Sjå kommunen sin grafiske profil.  

Vedtekter for bruken

Historia bak

Utdrag av ein artikkel frå Vestnes sogelag si årsskrift 2017 skrevet av Ragnar Bakken: "Våpenkunstnaren Jarle Skuseth - Mannen bak mange kommunevåpen". 

Vestnes kommune var tidleg ute. I 1978 sette kommunestyret ned ei nemnd som skulle stå føre utlysing og vurdering av ”Emblem for Vestnes kommune og ordførarkjede for Vestnes kommune.” Jarle Skuseth vart så engasjert til dette arbeidet. Sidan dette var det første kommunevåpenet hans, skulle det syne seg at mykje arbeid låg framføre. Han måtte setje seg inn i regelverk, finne motiv og tilpasse dette. Dessutan måtte eit regelverk for bruken av våpenet på plass.

Etter at fleire utkast var vurdert, kunne Riksarkivet melde at dei hadde fått 3 framlegg til kommunevåpen for Vestnes frå Jarle Skuseth. Alle motiva var heraldisk korrekte våpen. Riksarkivet uttalar 16. november 1979: ”Utkast nr 2 ”I raudt to gull spissar mot venstre” er både når det gjeld motivval og utforming, klart det beste. Det vil gje kommunen eit våpen av høg kvalitet.”

Kommunevåpenet vart godkjent i kommunestyret 28. november same året og i statsråd 11. april året etter. Jarle var i mål med sitt første heraldiske arbeid: Kommunevåpen for si eiga kommune, Vestnes. Jarle var med på den høgtidlege overrekkinga av våpen og ordførarkjede på siste møtet i kommunestyret i 1979.

Nokre ord om Vestnes sitt våpen: Det raude symboliserer Vestnes kommune som ligg omkring dei to fjordane Tresfjord og Tomrefjord. Desse fjordane er dei to spissane i gull. Eit enkelt våpen, med klare symbol, varme og avpassa fargar og heraldisk høg kvalitet.

Her kan du lese heile historia om arbeidet med kommunevåpenet for Vestnes kommune. Det er Per Bjørn Ellingseter som har skrevet teksten som er henta frå Vestnes Sogelag si årsskrift for 2017. (PDF, 161 kB)

Fann du det du leita etter?