Ny kommuneplan

No er vi i gong med å lage ein ny kommuneplan som trygt skal føre Vestnes kommune inn i framtida. 

Kort fortalt er kommuneplanen Vestnes kommune sitt viktigaste styringsverktøy. Den legg grunnlaget for alle val og prioriteringar dei neste tolv åra – politiske og administrative. Den seier også korleis vi skal jobbe for å nå måla våre. 

Målet med kommuneplanen er at du – uansett om du er innbyggar, næringsdrivande, politikar eller tilsett i kommunen – skal føle at Vestnes kommune er ein attraktivt stad.

Kommuneplanen baserer seg på planprogrammet, som legg grunnlaget for heile prosessen. Den gjeldande kommuneplanen utløper ved utgangen av 2025 og planen er å ha den nye kommuneplanen på plass i løpet av 2024.

Kommuneplanen er delt inn i ein samfunnsdel og ein arealdel.